OPNING: Ordførar Jan geir Solheim klypte snora då kyrkjestova blei opna søndag. Soknerådsleiar Audun Mo og kyrkjeverje Ellen Veum held snora. Foto: Håkon Li
OPNING: Ordførar Jan geir Solheim klypte snora då kyrkjestova blei opna søndag. Soknerådsleiar Audun Mo og kyrkjeverje Ellen Veum held snora. Foto: Håkon Li

Her blir kyrkjestova opna

Det nye bygget inneheld kontor. Møterommet er også monaleg utvida

Lærdal: – Me er glade for å få eit funksjonelt og flott bygg, seier leiar av soknerådet Audun Mo.

Søndag var det offisiell opning av kyrkjestova ved Hauge kyrkje. Denne dagen var det hausttakke -gudsteneste i kyrkja, med presentasjon av konfirmantar og utdeling av bibel til 5. klasse.

Ordføraren stod for den formelle opninga, med klypping av raud snor og ei helsing frå kommunen.  

Kontor til tilsette

For fyrste gong har kyrkja teke opp eige lån, samt brukt fond til å finansiere bygginga.

 – Mer er glade for at bygget ikkje har medført ekstra kostnad verken for kommunen eller kyrkja. I staden for å betale husleige til kommunen, betalar me no ned på vårt eige bygg, fortel Mo.

Alle tilsette har no fått kontora sine i nybygget til kyrkjestova. Det blir på denne måten kort veg for tilsette om dei skal førebu noko i kyrkja og det blir kortare veg for dei som vil innom kontoret for ein samtale. 

Møterom til 50 personar

I tillegg til nye kontor er møtesalen og kjøkkenet blitt større. Kyrkja har ei rekke samlingar for barn og unge mellom 0-18 år.  Møtesalen kan no romma om lag 50 personar.

Soknerådet har vedteke å tilby utlån, anten av heile lokalet eller delar av det. 

– Det er vedteke eige reglement for utlån av bygget, so her er det berre å ta kontakt, seier kyrkjeverje Ellen Veum.

 

Til toppen