HOL PÅ BYLLEN: Det har butta litt imot for Kristian Fardal Opseth denne sesongen. I dag fekk han debutmålet i eliteserien - og ein god klem av trenar Eirik Bakke etter kampen. 
HOL PÅ BYLLEN: Det har butta litt imot for Kristian Fardal Opseth denne sesongen. I dag fekk han debutmålet i eliteserien - og ein god klem av trenar Eirik Bakke etter kampen. 

Her blir måldebutanten omfamna av trenaren: – Det betyr utruleg mykje

Utlikningsmålet til Kristian Fardal Opseth var det første han har scora i eliteserien nokon gong. 

Sogndal-Lillestrøm: 2-2

Åtte minutt ut i andre omgang fekk vi sjå Kristian Fardal Opseth slik vi hugsar han frå fjoråret. Ballen landa i beina hans på tjue meter. Først drog han av ein mann. Deretter handla alt om èin ting. 

– Midstopparen prøvde å halde meg att, men då hadde eg bestemt meg for at den ballen skulle inn. Eg traff godt og det var ufatteleg deilig å sjå den gå i mål, seier Fardal Opseth etter kampen. 

Fekk endeleg debutmålet

Ikkje berre hadde Sogndal henta inn to baklengs i løpet av åtte magiske minutt. Utlikninga var også Opseth sitt første mål i eliteserien nokon gong. Det smakte godt etter ein tung vårsesong. 

– Det betyr utruleg mykje. Eg lever av å score mål, men har ikkje gjort det nokonsinne i tippeligaen. Å få det målet var verkeleg på tide. No håper eg det løysnar framover, seier Opseth.

Det var ikkje berre på bana det var tamt i første omgang. Dei gongane Saftkokarane og Kanarifansen tok pause frå synginga, var måkeskrika alt du høyrte på Fosshaugane. 

Eitt av få teikn til kollektiv entusiasme kom i pausen, då namnet til heimeyndlingen Kristian Fardal Opseth vart lest opp over høgtalaranlegget. Slikt betyr mykje for ein spiss som har slite litt i motbakke.

– Det er ufatteleg kjekt. Eg høyrer godt at dei lagar lyd når eg kjem inn. Den støtta set eg utruleg stor pris på, seier Opseth.

Utlikninga starta stormløpet

Trenar Eirik Bakke var nøgd med det kraftspissen viste i andre omgang. 

– Det er moro for han å komma inn og snu det. Han har stanga litt mot veggen og fortente dette i dag. Det var eit godt gamaldags Opseth-mål, der han berre måkar den i kassa. Det gler meg å sjå at han melder seg på, seier Bakke. 

Med utlikninga i boks kunne Sogndal starte jakta på tre poeng. Stormløpet varte i tjuefem minutt før det var slutt på kreftene. Opseth føler både han og laget burde ha klart å avgjere, men eitt poeng smakte likevel på ein dag der det lenge såg mørkt ut.

– Å hente inn ei 2-0 leiing gjer godt for heile laget og gjer det enklare å ta ferie, seier Opseth. 

Som altså må vente til tredje juli og bortekampen mot Stabæk før han får sjansen til å sette eliteseriemål nummer to. 

Til toppen