Haustmarknaden

(Bilde:  )
(Bilde:  Foto: Marte Hestetun)
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  Foto: Marte Hestetun)
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )

Her blir marknadssjefen feira med kake og song

Sjå bileta frå Haustmarknaden her!

Lærdal: Denne helga gjekk den årlege Haustmarknaden av stabelen. I den forbindelse blei det arrangert ein kakekonkurranse i Kvammegården laurdag. 

Astrid Trulssen, som er leiar for marknadsnemdi i Lærdal, fylte år denne dagen og blei overraska med kake og song under kåringa av kakekonkurransen.

BURSDAGSSONG: Lærdal Musikklag fekk publikum med på bursdagssong då Trulssen ankom Kvammegården. 
BURSDAGSSONG: Lærdal Musikklag fekk publikum med på bursdagssong då Trulssen ankom Kvammegården.  Foto: Marte Hestetun

– Eg er heilt overvelda. Det har eg i grunn vore i fleire dagar no! Folk har kome med gavar til meg, eg har fått ein flott blomst og har vore godt nøgd med det. Men dette er jo ekstra koseleg. 

Årdølen Marion Stedje stakk av med seieren i haustens kakekonkurranse. 

Viktig tradisjon

Trulssen har vore med på å arrangere Lærdalsmarknaden i nesten tretti år, og synes at også denne marknaden har vore vellykka. 

– Eg synes det har gått flott. Me har mange kjekke, nye medarbeidarar med oss. Me har gjort dette så mange gonger no, at me har visse malar me går etter. Folk likar at marknaden er ein tradisjon, og faste program er derfor viktig. 

– Håpar marknaden fortsetter i all framtid

Det har likevel ikkje berre vore lett å arrangere marknadane. Tidligare i år sleit marknadsnemdi med å rekruttere nok representantar. 

Les også: Marknadene står i fare dersom ho ikkje får med seg fleire i marknadsnemnda

– Eg håpar at me kan fortsette å arrangere marknadane, og at folk vil vere med å hjelpe til. Me ynskjer også å kunne oppretthalde alle dei tre marknadane som er no. Dei er eit viktig samlingspunkt og det er godt at folk kan vere ute og møte folk.

Til toppen