GULLKLOKKA: Miguel Farlora frå Lærdal vart torsdag overraska med ei gullklokka for 25 års teneste i Veidekke.
GULLKLOKKA: Miguel Farlora frå Lærdal vart torsdag overraska med ei gullklokka for 25 års teneste i Veidekke. (Bilde: Veidekke)

Her blir Miguel heidra for 25 års teneste

Miguel Farlora fekk torsdag utdelt gullklokka etter 25 år i jobben hjå Veidekke.

Lærdal: Lærdølen vart heidra med kake og fekk sjølvsagt utdelt gullklokka som eit symbol på 25 års teneste hjå entreprenørselskapet.

– Han visste jo at han kom til å få ei gullklokka, men visste ikkje at det kom til å skje i går, seier Svein Even Dale, avdelingsleiar i Sogn og Fjordane.

Gjengen var i går samla til eit statusmøte om drifta i selskapet, slik dei plar ha jamnleg. Då utnytta Dale moglegheita til å overraske Farlora.

– Det passa godt å ta det i eit slikt høve saman med gode kollegaer.

Farlora starta hjå Veidekke som lærling i 1992. Heilt sidan då har han delteke på eit utal byggje- og anleggsprosjekt rundt om i fylket. 

– At han har vore her i 25 år, er jo eit teikn på at han har det godt her og at han trivast. Han har vore ein lojal og god arbeidstakar, seier Dale, som meiner bedrifta hans generelt har mange arbeidstakarar av same type som Farlora.

– Men det er ikkje kvar dag me deler ut gullklokke, smiler han.

Til toppen