​KONS: Sander Osen Låksrud (9) frå Kaupanger står i mål fordi det er kjekt og går på keeperskule for å bli bedre.
​KONS: Sander Osen Låksrud (9) frå Kaupanger står i mål fordi det er kjekt og går på keeperskule for å bli bedre.

Her blir neste generasjon burvaktarar skulerte

Terje Skjeldestad meiner keeperane fortener meir merksemd i fotballkvardagen.

Kaupanger: Denne helga var ivrige keeperspirer frå heile fylket på plass for å delta på ein tredagars treningsleir på Kaupanger.

Terje Skjeldestad Keeperskule har på 17 år vokst til å bli ein institusjon for dei som ønskjer å bli god mellom stengene. I dag er keeperskulen òg etablert på Voss, i Ålesund og Halden.

GJORT DET FØR: Det er sytten år sidan Terje Skjeldestad, no assistent- og keepertrenar for Sogndal, starta sin eigen keeperskule. 
GJORT DET FØR: Det er sytten år sidan Terje Skjeldestad, no assistent- og keepertrenar for Sogndal, starta sin eigen keeperskule. 

Denne helga var seksti burvaktarar i sving på kunstgraset, gutar og jenter i forskjellige aldrar. 

– Eg trur dette er noko som er manko i kvardagen for mange, å berre få fullt fokus på å vere keeper i tre dagar. Det trur eg er meir enn mange av dei har i løpet av eit heilt år, seier Terje Skjeldestad.

Under treningsøkta følgte ein god flokk foreldre og trenarar med frå tribunene. Skjeldestad håper at dei òg skal bli inspirerte til å ta med seg nokon triks heimatt.

– Eg håper dei får lyst til å vie keeparane enno litt meir merksemd i det daglege, for det er ikkje noko hokus pokus. Det er berre å ta nokre av øvingane vi har og køyra på, seier han.

Les også: Dyngeland teken ut til landslagstroppen

Leah Hodnefjell (13) spelar for Tornado Måløy og var med på keeperskulen for første gong. For ho består treningskvardagen som regel av oppvarming, eit kvarter keepertrening og kamp resten av økta. Å få tre dagar til endes er difor rein luksus. 

– Det er deilig å berre få konsentere seg om å vere keeper. Eg er med fordi eg vil bli betre, seier ho.

– Eg trur det blir bra og at eg kjem til å lære masse.

LUKSUS: Leah Hodnefjell (13) har trua på at øvingane skal gjere susen. Målet er å bli betre.
LUKSUS: Leah Hodnefjell (13) har trua på at øvingane skal gjere susen. Målet er å bli betre.
Til toppen