Verdige VINNARAR: Ordførar Jarle Aarvoll med vinnarane Tiago Mendes, Vidar Lægreid, Peter Storegjerde Sætre og Marta Hofslundsengen. Thea Bjelde var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Sogndal kommune.
Verdige VINNARAR: Ordførar Jarle Aarvoll med vinnarane Tiago Mendes, Vidar Lægreid, Peter Storegjerde Sætre og Marta Hofslundsengen. Thea Bjelde var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Sogndal kommune.

Her blir prisvinnarane heidra av ordføraren

Vidar Lægreid fekk årets kulturpris i Sogndal, medan Tiago Mendes, Thea Bjelde, Marta Hofslundsengen og Peter Storegjerde Sætre stakk av med ungdomsprisen.

Sogndal: Den pensjonerte læraren Vidar Lægreid fekk kulturprisen for sin mangeårige innsats som kulturberar i bygda. Saman med dei andre prisvinnarane fekk han overrekt blomer og rosande ord før gårsdagens kommunestyremøte.

Lægreid har hatt ein finger i mangt og mykje, som slåttedagar på museet, i rutebilhistorisk forening, gjennom den inkluderande turgruppa Sauradnkameratadn og i arbeidet med å merke og rydde gamle stiar. Kjærleik for lokalhistorie og fysisk fostring går som ein raud tråd gjennom det meste. Denne gleda har han og formidla vidare til komande generasjonar gjennom eit langt liv i læraryrket.

Tiago Mendes (25) vart heidra for innsatsen med å sette Sogndal på kampsportkartet, ikkje mindre. Han står bak den nystarta klubben Sogn Martial Arts, den einaste av sitt slag i fylket. I vår tok han VM-gull i thaiboksing og følgde opp med NM-sølv no i desember.

Fotballspelar Thea Bjelde (16) går på toppidrettslinja til Olympiatoppen på Tertnes vidaregåande skule og kombinerer det med spel for Arna Bjørnar. Stipendet kjem godt med i satsinga på å etablere seg i Toppsperien og etter kvart å få spele på A-landslaget.

Marta Hofslundsengen (16) har konkurrert med brukshest i fleire år. I år vann ho fleire disiplinar i Dølahestmeisterskapet og vann juniorklassen samanlagt. I juli representerte ho òg Norge under FEIF Youth Cup i Nederland.

Yngste prisvinnar i år vart Peter Storegjerde Sætre på 14 år. Han har gått på kulturskulen i seks år. Der har han lært seg og framført fleire vanskelege stykke. Prispengane skal han bruke på utstyr.

Til toppen