POLITIKAMERATAR: Denne veka vart årets Politikameratane arrangert i Årdal, der ungdommar får sjansen til å bli betre kjende med politiet i kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
POLITIKAMERATAR: Denne veka vart årets Politikameratane arrangert i Årdal, der ungdommar får sjansen til å bli betre kjende med politiet i kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her blir ungdommane betre kjend med politiet

Skuleungdommar frå Årdal tilbragte ei natt i Avdalen denne veka. Målet er å bli kameratar med politiet.

Årdal: Politikameratane som tiltaket heiter, er eit årleg arrangement som no er blitt så etablert at det er blitt ein del av planverket til skulane i Årdal. 

Heilt sidan 1988 har ungdommane fått eit møte med naudetatane i bygda og andre organisasjonar som bidreg med kunnskap om lokalsamfunnet. Dessutan er det spesielt viktig at dette er ei sosial greie, der ungdommane vert betre kjend med kvarandre i tillegg til politiet.

– Målet er at elevane skal bli kjend med politiet og naudetatane elles, i tillegg til Årdal Tenk Tryggleik, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Statens naturoppsyn og ein del andre som er med. Kvart år har me ein sosial del i Avdalen, der me skal bli betre kjende med elevane, og dei skal bli betre kjende med oss, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Følgjer barna heile livet

I Avdalen er det samtalar med ungdommane, der ein snakkar om livet, konsekvensar av handlingar og at dei unge skal vite at det er trygt å kome til dei vaksne eller politiet for hjelp. Knudsen trur det har ein god førebyggjande effekt.

Politikameratane er eit samarbeid mellom Årdal Tenk Tryggleik og politiet, men det er politiet som driv sjølve tiltaket. 

– Dette er berre ein del av det me held på med frå dei unge startar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande skulen. På ulike haldepunkt i livet er me inne og deler ut refleksvestar, hjelmar, sjekkar sykkelen, og på vidaregåande snakkar me med russen om russefeiringa. Det er ein dialog heile vegen medan dei går på skulen, forklarar Knudsen.

Nyttig å bli betre kjende

Casper Mateja og Tuva Husabø frå Tangen skule er nøgd med korleis opplegget har vore då Porten.no møter dei torsdag. Då var dei på veg opp i Avdalen og var spente på korleis natta på fjellgarden skulle bli.

– I dag har me hatt det veldig moro og lært mykje. Me har mellom anna målt fart med politiet, og så har me hatt ein prat med Magne og Petter (Hagen, politibetent journ. anm.). Me har også fått prøvd å sløkka ein brann, seier Mateja.

– Det er kjekt å bli kjend med politiet, og det er sikkert nyttig at me kjenner dei. Eg kjenner ingen av dei som er politi i Årdal frå før, så dette er eit godt høve, legg Husabø til.

Stopp Volden

Før turen bar vidare til Avdalen, fortalte Astrid Bruheim i Røde Kors om Stopp Volden-aksjonen og delte ut effektar til ungdommane.

– Det er vårt bidrag i dette. Opprinneleg stammar aksjonen frå då ein ung gut vart skoten på open gate i 1995 i Oslo. Det vart då laga eit fakkeltog, og Dagbladet lagde ein artikkelserie på dette i tre år før dei gav det vidare til Røde Kors, fortel Astrid Bruheim. 

Til toppen