STOR FEST: Her blir Vision of the Fjord døypt av fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Arne Veum.
STOR FEST: Her blir Vision of the Fjord døypt av fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Arne Veum.

Her blir Vision of the Fjords døypt av fylkesordføraren

Ein bunadskledd fylkesordførar Jenny Følling fekk i dag æra av å vere gudmor då Vision of the Fjords vart døypt i Flåm. 

Flåm: Det var stor festivitas på kaia i Flåm, der både innbodne gjester og andre skodelystne hadde møtt fram til den tradisjonelle dåpsseremonien.

Som seg hør og bør vart skipet døypt med lokalprodusert eplemost.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, var sjølv ikkje til stades, men er imponert over den merksemda båten har greidd å skape i sin første sesong på fjorden. 

– Merksemda har vore heilt enorm og det er eventyrleg å sjå kor stor trafikken er sjølv no langt ut i oktober. Det viser at satsinga på å forlenga sesongen har slege til og når du får eit slikt nytt spennande tilbod så blir det berre forsterka. Det er kjekt å sjå at miljøvenlege løysingar og spanande design blir sett pris på, seier han.

Les også: «Fjordsyn» kåra til årets skip
Les også: Her er Vision of the Fjords endeleg på plass i Flåm

Vision of The Fjords er bygd av Brødrene Aa i Hyen og fraktar turistar mellom Flåm og Gudvangen i Aurland kommune. 

Båten har fått stor merksemd for sin nyvinnande og miljøvenlege teknologi. Tidlegare i år vann den prisen «Ship of the Year 2016» og er i tillegg nominert til «Tech Award 2016» av Teknisk Ukeblad.

Til toppen