SKIPINGSMØTE: Før helga var representantar for dei tretten aksjonærane samla på Kaupanger for å skipa Vitensenteret i Sogn og Fjordane.
SKIPINGSMØTE: Før helga var representantar for dei tretten aksjonærane samla på Kaupanger for å skipa Vitensenteret i Sogn og Fjordane.

Her blir Vitensenteret skipa – no satsar dei på opning i 2020

Med tretten tunge eigarar i ryggen, er det lite som kan stoppa dei ambisiøse planane på Kaupanger.

Kaupanger: Før helga vart selskapet Vitensenteret i Sogn og Fjordane stifta. Til stades var representantar frå dei tretten eigarane, som er fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, næringsselskap og kommunar frå Sogn og Sunnfjord.

OPTIMIST: Vitensenteret på Kaupanger har hatt medvind omtrent sidan oppstartsmøtet for litt over eitt år sidan. No trur styreleiar Tor Arne Ness at lite kan hindra at det blir opning til skulestart 2020. Bilde: Halvor Farsund Storvik/Porten.no

– No ser det ut til at det blir vitensenter på Kaupanger. No er det om å gjera å få det til best mogleg, seier Tor Arne Ness, styreleiar i det nystifta selskapet.

Målet er å byggja eit såkalla Vitensenter på Kaupanger, eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter der realfaga står i sentrum. Det finst ikkje noko slikt senter i Sogn og Fjordane.

Treng å få drifta til å gå i balanse

Før jul gjekk dei tretten eigarane saman om å spytta inn 3 millionar kroner i aksjekapital. Skipinga markerer eit nytt viktig steg i rett retning.

– Det er utruleg kjekt å ha kome så langt. Samstundes er me ikkje i mål på nokon måte, det er mykje arbeid att, seier Ness.

– Kva kan stoppa dykk?

– Det er i hovudsak økonomien som er utfordringa, så me treng å få med oss gode partnarar frå næringslivet. Men eg håpar det ikkje noko som kan stoppa oss, me er godt rigga for å få dette til, seier Ness.

Skal tilsetta prosjektleiar

Fylkeskommunen har ansvaret for det framtidige byggjeprosjektet, som blir eit sambruk mellom vitensenteret og Transport- og logistikklinja til vidaregåande i Sogndal. Målet er ferdigstilling til 2020.

SIGNALBYGG: Det einaste som er bestemt når det gjeld utforminga, er at det skal bli eit signalbygg. Dette er berre ein illustrasjon. Bilde: Kaupus AS

Men det er ikkje berre det fysiske som vil ta tid å få på plass. Eit vitensenter set òg store krav til det som skal vera innafor veggane.

– Det me no skal i gang med er å skapa innhaldet og konseptet. Til det vil me rekruttera ein prosjektleiar, som får ansvar for å gjera den jobben, seier Ness.

Han skryt av den breie eigarskapen.

– Me har fått med Flora kommune, Førde kommune og eigentleg heile fylket. Samanlikna med andre vitensenter, som kanskje berre er eigd av fylkeskommunen og vertskommunen, så er dette veldig bra, seier Ness.

Til toppen