Aurland: Fjerdeklassingane Håvard og Tore var godt nøgde med si eiga gjennomføring av blimE dansen 2016.
Klokka 12.00 fredag dansa om lag 250 000 skulelevar over heile landet, frå nord til sør, BlimE-dansen. Blant desse var om lag 150 elevar frå Aurland barne- og ungdomsskule (ABU).
Mellom dei var Håvard og Tore.
– Kvifor dansar de?
– Fordi det er viktig å vere vener og seie hei til kvarandre. Og så skal me hugse på at me er gode nok som me er, seier gutane, som sa seg godt nøgde med dansegjennomføringa si.
«Sei hei, ver ein ven»
Essensen i BlimE-dansen er nettopp slik Håvard og Tore fortel, nemleg å vere inkluderande, bry seg om andre, dyrke vennskapet og stå opp mobbing og krefter som vil trykke oss ned.
Artikkelen held fram under biletet.

BlimE er NRK Supers vennekampanje som har mottoet «Sei hei, ver ein venn, BlimE!».
– Å fokusere på eit felles mål og å gjere noko fysisk og musikalsk saman, kan styrke samhald, meistring og fellesskap. Me håpar at dette vil vere ein inspirerande og stor ting å vere med på, seier prosjektleiar Maria Grande.
– Viktig å stå opp mot mobbing
Årets BlimE-låt har fått tittelen «Kom igjen 'a» og er produsert av Joakim H. Haukaas i samarbeid med Madcon, som framfører låten.
– Det er viktig for oss alle å stå opp mot mobbing, vere greie mot kvarandre og ikkje minst, vere greie med oss sjølve, seier rektor ved ABU, Ingrid Steine Bortne, då ho ynskte elevane lukke til med dansen.
Tre gjennomføringar vart gjort unna, og ABU-elevane synte at øvinga i forkant gav resultat. Dei om lag 150 dansande elevane var temmeleg synkroniserte gjennom den tre minuttar lange Madcon-komponerte BlimE-dansen.
– Litt øving har me fått til i forkant, og det såg til at elevane hadde det kjekt, seier lærar og BlimE-instruktør, Anne Gro B. Horvei. 1100 skular var melde på BlimE-dansen.