Sogndal: – Det er eigentleg ikkje noko eg tenker over, seier Ellingsen når Porten møter ho i pausen mellom dei to førestillingane til Sogndal Danseverkstad i kulturhuset måndag.
For instruktørane Signe Benedicte Bødal Nøtesjø og Synnøve Aasen Nesheim har det vore noko nytt å ha ein elev med rullestol. Men heller ikkje dei ser dei store avgrensingane.
– Det er jo veldig mange ulike måtar å dansa på og eg tenker at det alltid finst ein type dans til alle, seier Nesheim.
Les òg: Dei stod bak koreografien då alle klassetrinn dansa i kulturhuset i Årdal
Har dansa i fem år

Ellingsen har alltid sete i rullestol, men det har aldri stoppa ho. Allereie i frå første klasse vart ho med i Sogndal Danseverkstad, som betyr at ho har dansa i minst fem år.
– Eg synes det er veldig gøy, spesielt å dansa fort. Det er eigentleg ikkje så vanskeleg å læra, seie ho.
Det er ikkje berre med Sogndal Danseverkstad at ho driv med dans. Det er noko ho sjølv gjer mykje på fritida òg.
– På skulen har me ei gruppe som laga dansar. No driv me på med vår tredje dans og då er eg med og finna på dansane, seier ho.
Ser veldig få begrensningar
Dei to instruktørane synst det er kjekt å ha ho med på laget. Det gjer at dei må vera ekstra kreative, og tenka utanom dei vanlege dansetrinna.
– Du treng ikkje nødvendigvis å gjera akkurat det same som alle andre for at det skal sjå bra ut. Det gjeld ikkje berre for ein person med rullestol, men for alle som har lyst å dansa, seier Nesheim.