POLITIKARMØTE: Elevane på Lærdalsøyri skule fekk torsdag fortelje politikarane kva dei synst er bra og dårleg i kommunen. Her er det elev Nathaniel Maristuen og ordførar Jan Geir Solheim som diskuterer.
POLITIKARMØTE: Elevane på Lærdalsøyri skule fekk torsdag fortelje politikarane kva dei synst er bra og dårleg i kommunen. Her er det elev Nathaniel Maristuen og ordførar Jan Geir Solheim som diskuterer. (Bilde: Halvor Farsund Storvik )

Her diskuterer dei korleis dei kan skapa betre trivsel blant dei unge i Lærdal

Torsdag møttest elevar og politikarar for å diskutere korleis dei kan snu den dårlege statistikken saman. For fleire ungdomsskuleelevar i Lærdal seier dei slit med einsemd, blir mobba og utsett for trugslar om vald, enn lands- og fylkessnittet. 

Lærdal: Politikarmøtet kom i stand under venskapsveka, som Lærdalsøyri skule arrangerer denne veka.

– Det er ganske spanande å gjera noko anleis, seier Nathaniel Maristuen, elev i 8. klasse, som mellom anna fekk besøk av ordførar Jan Geir Solheim på bordet.

Sjølv om det ikkje er store utslag, viste spørjeundersøkinga Ungdata frå 2017 at det er fleire unge i Lærdal som seier dei er mykje plaga av einsemd, at dei blir mobba og utsett for trugslar om vald, enn det som er lands- og fylkessnittet. Færre seier dei trur dei vil få eit lukkeleg liv.

I år er første gong Lærdal har vore med i undersøkinga.

– MÅ LØFTA KVARANDRE: Rektor Gunn Beate Sjøthun ved Lærdalsøyri skule er glad for at politikarane såg verdien av å få treffa ungdomane.
– MÅ LØFTA KVARANDRE: Rektor Gunn Beate Sjøthun ved Lærdalsøyri skule er glad for at politikarane såg verdien av å få treffa ungdomane. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Då såg me nokre tegn på at kanskje ikkje alt er positivt i Lærdal og me tenkte at me måtte ta tak i det, seier rektor Gunn Beate Sjøthun ved Lærdalsøyri skule.

Vil skape trivsel på tvers av alderstrinn

Venskapsveka har dei arrangert før, men òg her er målet å skapa meir trivsel for elevane på skulen.

– Det handlar om å prøva å knyta nye venskapsband og at me kanskje kan bli betre kjende på tvers av alderstrinna. At me opnar opp i timeplanen slik at fleire kan møta kvarandre og leika i lag, ta ansvar for kvarandre, sjå kvarandre, seier rektor Gunn Beate Sjøthun, rektor ved Lærdalsøyri skule.

Åttandeklassen Nathaniel Maristuen tykkjer Lærdal er ein flott plass å bu, med mange aktivitetar på fritida, men saknar likevel ein kafè i sentrum der ungdommane kan møtast.

– På laurdagane reiser me kanskje ned på Øyri og kjøper oss noko godt. Men vi har ingen plass å sitta, seier han.

Ordføraren trur dei vaksne har noko å læra av elevane

Politikarane fekk presentert resultat frå undersøkinga i førre kommunestyremøte i sommar.

– Undersøkinga viser at ikkje alt er rosenraudt i Lærdal, me har elevar som slit med motivasjonen og ikkje trivst. Det viktige er å setta fokus på kva me kan gjera betre og det greier me gjennom ei slik veke, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Han tykte det var nyttig å høyre kva ungdomane meiner om jobben dei gjer.

– Dei har ei positiv tilnærming til ting, er løysingsorienterte og ser moglegheiter i alt. Der har kanskje me vaksne litt å læra, som kanskje heller ser avgrensingar og problem, seier ordføraren.

Rektoren tykkjer det er flott at kommunestyret såg verdien av å stilla opp og få treffa ungdomane.

– Då får dei direkte dialog med ungdomane våre og det er jo dei som er framtida. Skal me snu ein trend og få til noko, så må me få til ein positivitet og me må løfta kvarandre, seier ho.

Til toppen