Årdal: - Det er nervepirrande. Me føler litt presset, seier Selina Myrmel Gram.
- Særskild sidan me er første ut, legg Matilde Dvergedal til.
Saman med Aurora Holsæter utgjer dei M.A.S, som også har fått eit meir eller mindre eit fast medlem i bandet i form av gitarist Jonas Henjum.
- Det blir mykje øving på meg i kveld, seier han.
Artikkelen held fram under biletet

- Blir jo gøy
Det er dagen før dagen for dei fire. I Utladalen er det stilt og fredeleg, med unntak av at Red Hot Chilipeppers sin store hit Californication ljomar mellom veggene i Huginhuset.
For eit drygt døgn seinare blir det alt anna enn stille omgjevnader på Bakeriet. Klokka 22 onsdag kveld er det dei tre jentene, Henjum og innleigd trommis Lasse Hillestad Aannevik som skal starta Påskerock anno 2017.
- Det går vel fint. Og det blir jo gøy, seier Myrmel Gram.
I tillegg til Californication skal M.A.S spela Walls av Kings of Leon og Waves av Dean Lewis.
Litt fersk røynsle har dei i ryggsekken etter at dei deltok på UKM-festivalen i Høyanger for halvanna veke sidan. Elles blir det å spela for eit større publikum ei relativt ny oppleving for dei unge musikarane.
Les også: Frå progressiv metal til vakre landskapsfoto
- Me har spelt på eit par skuleavslutningar, men det er også det, seier Gram.
- Eg har spelt to gonger live før, men det har ikkje vore noko seriøse greier, seier Henjum.
Artikkelen held fram under biletet

Leiar i Hugin Musikkforum, Terje Svori, er glad for å kunne slå til med eit ungt band som startskot for årets Påskerock.
- Det er kjempestas - Påskerock er ein viktig arena for nye band. Dei er flinke musikarar, alle saman. Og nyttar øvingsfasilitetane her flittig. Eg håpar me får sett mykje av desse framover. Det trur eg også.
Store namn blir covra
Elles kan han og resten av Hugin Musikkforum by på ein variert og rocka Påskerock med ti ulike årdalsprosjekt.
Les også: No er årets Påskerock-artistar klare
- Me har utfordra artistane som øver fast her til å prøva nye utfordringar. Dei skal plukka ut ein sjanger eller eit band dei skal via litt ekstra tid. Slik får me ein variert Påskerock med ulike sjangrar som til saman utgjer eit spennande program med noko for ein kvar.
Blant anna blir det ein Jimi Hendrix-hyllest, ein Thin Lizzy-tribute, eit 70-tals discoprosjekt og noko sørstatsrock.
Svori trekkjer også fram Still Alive, andre band ut torsdag - dei har ikkje spelt saman sidan 2002. Bandet består av Øyvind og Frode Aga, Tomas Styve, Ole Rasmus Hjelle og Svein Ove Holsæter.
- Dette var eit grunge-prosjekt som tok mål av seg å hylla seattlerocken frå 90-talet, seier Svori.
Ein annan reunion for høvet er Jessie Custer.
- Dei består av utflytte årdøler som kjem saman att for å spela her heime og bidra til dugnaden.
Artikkelen held fram under biletet

Nøgd med vêrmeldingane
Alt ligg til rette for to dagar med mykje folk og mykje bra musikk på Bakeriet. Vergudane spelar også på lag med Påskerock-arrangørane - det er nemleg meldt heller trist vêr onsdag og torsdag.
- For oss som arrangerer Påskerock startar ikkje påska før utpå dagen Langfredag. Om det er uvêr på fjellet, skadar ikkje det billettsalet, humrar Svori.
Billettar ligg ute til førehandssal, og Huginleiaren oppmodar at flest mogleg bør nytta seg av dette.
- Trøkket startar no siste dagane før Påskerock og mange heimvende årdøler nyttar høvet til å treffast. Ein del belagar seg på å kjøpa billettar i døra, men det har skjedd me har vorte utselde, og me vil nødig seia nei til folk som vil på Påskerock, så det er lurt å skaffa seg billettar i framkant.