PANG: Preben Strypet sette spikaren i kista på vakkert vis med høgresleggja. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PANG: Preben Strypet sette spikaren i kista på vakkert vis med høgresleggja. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her dundrar han ballen i mål frå 30 meter

Preben Strypet var den store skilnaden då Årdal FK slo Aurskog-Høland 2-0 på heimebane i dag.

– Eg har sagt det til Preben - han må berre prøva skotfoten, seier ein lukkeleg trenar for Årdal FK, Ivan Øy.

Skaffa straffe og scora to gonger

Etter ein dørgande kjedeleg kamp i 75 minuttar der det einaste halvinteressante som skjedde var ei annulert scoring for Aurskog-Høland, tok kaupingen ansvar. Først vart han felt og fekk straffespark som han sjølv ekspederte sikkert nede til venstre for keeper ein halvtime ut i andre omgang. 

​Artikkelen held fram under biletet

I BAKKEN: Årdal FK ropte på straffe då Preben Strypet gjekk ned ein halvtime ut i andre omgang - og fekk det.
I BAKKEN: Årdal FK ropte på straffe då Preben Strypet gjekk ned ein halvtime ut i andre omgang - og fekk det.

– Er det straffe?

– Eg meiner det, ein høyrer det smell. Men dei meiner sjølvsagt ikkje det var straffe, seier Strypet sjølv.

Men han var ikkje ferdig - ti minuttar før slutt fekk kaupingen ballen på halvspretten på om lag 30 meter skrått ute til høgre. Med høgresleggja dundra han til og ballen gjekk i boge over ein Aurskog-Høland-keeper på halvdistanse.

– Det var ei god kjensle, eg tok berre sjansen.

​Artikkelen held fram under biletet

SIKKER: Keeperen til Aurskog-Høland hyv seg fånyttes etter ballen på 1-0-målet.
SIKKER: Keeperen til Aurskog-Høland hyv seg fånyttes etter ballen på 1-0-målet.

– Rein kynisme

Då var kampen i realiteten over - begge laga hadde nokre nestensjansar utan at det vart fleire mål før dommar Tommy Skjerven bles av kampen.

– Det var ikkje pent, men veldig godt. Men ein plass må me starta - me fekk luka vekk ein del av feila frå dei føregåande kampane. I dag var me tålmodige og stod på frå start. Me visste dette er eit lag med unge spelarar som ville kjempa frå start, og så venta me på at det skulle opna seg opp. Så det var rein kynisme, er analysen til trenar Øy.

Årdal byrjar dermed å få laga nedst på tabellen i 3.divisjon avdeling 3 på grei avstand - med dagens siger er dei oppe på 9.plass og har 13 poeng. Dei har fem lag bak seg på tabellen, og det er 4 poeng ned til 10.plassen - rett nok med to kampar meir spelt enn dei to næraste laga bakfrå - Ullensaker/Kisa 2 og Hallingdal. Men ettersom Aurskog-Høland ligg på 5.plass med 19 poeng var dette ein god skalp å ta.

– Ein kjedeleg og sjansefattig kamp, ja - men me trong poenga. Så dette var godt, oppsummerer dagens mann Strypet.

Til toppen