Foto: Jonny Asperheim.
Foto: Jonny Asperheim.

Her er aktivitetane du kan krydre haustferien med

Vanskelig å vite kva ein skal finne på i ferien? Her er aktivitetane som sikrar ein innhaldsrik haust!

Hausten er her, og ein kan allereie sjå teikn til at blada skiftar farge, minusgradene blir fleire, og at kveldane gradvis mørknar. Denne veka står haustferien for døra, og det kan gjerne vere vanskelig å vite kva ein skal fylle fritida med. Her finn du alt du treng å vite for å få ein interessant og innhaldsrik ferie. 

Utforsk den fargeglade naturen

Finn fram turkleda og bli sjarmert av det flotte "haustlandskapet" naturen har å by på. Årdal Gålag inviterer til tur onsdag 09.45. Siste fjellturen gjekk til Mannsbergvatnet i strålande haustsol, 34 personar var med her. Ingen turar har vorte avlyst, det blir alltid tur. Dårlig vêr skremmer ikkje Gålaget!

– Er du turglad, vil koma i betre form så bli med på tur med Gålaget, oppfordar kontaktperson Gunvor Nordås. 

– Vi kan lova deg fine turopplevingar og du vil bli betre kjent i det flotte turområdet vi har. Kravet er at du må kunna bevega deg ute i terrenget. 

Laurdag den 15. går Galdane Rundt i Lærdal av stabelen; eit terrengløp som er både ein super familietur og ei god treningsøkt. 

– I fjor var det yrande folkeliv og stor stemning under arrangementet, forklarar Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL. 

Om ein helst føretrekk å studere den flotte naturen på eiga hand, er det sjølvsagt mange gode moglegheiter for det òg. Inspirasjon til turar finn du her.                                                  

Nyt fersk bakst i dei lokale kaféane

Ta med deg ein du er glad i, og besøk ein av kaféane i nærleiken.

På tysdag arrangerer Røde Kors/Omsorg "Tysdagskafeen" i Aurland. Frå 12-15 blir det salg av kaffi, vafler og betasuppe i Røde Korshuset. 

Test ut eigenskapane dine når Seimsdal Ungdomslag arrangerer handarbeidskafé onsdag. Både store og små er hjarteleg velkomne i ungdomshuset i seimsdalen 19.00. 

Konsert med Real Ones i Blaoboxen

Laurdag vitjar Bergensbandet Real Ones i Blaoboxen i Sogndal kulturhus. Real Ones har spelt i over 20 år, og er kjente som eit av dei beste livebanda i landet.  Dersom du er glad i rock, pop og god stemning er dette perfekt for deg. Alle over 18 år kan delta på arrangementet. 

Driftweekend for bilentusiastar

14. - 15. oktober inviterer NAF-Motorsport Indre Sogn til "aorets raoaste bilarrangement" på NAF bana på Kaupanger. Det blir full action under breisladdkonkurransen der målet er å ha mest mogleg vinkel, fart og røyk.

Draum deg vekk i aktuelle bøker og filmar

Ta deg ein tur innom det lokale biblioteket og oppdag mangfaldet av ulike bøker og filmar. Her kjem det stadig inn siste skrik av titlar, så du finn garantert noko som passar for deg. 
Informasjon om ditt lokale bibliotek finn du her.

Ein kan òg nytte kinoanlegga for å oppleve dei ferskaste filmane på lerret.
Programmet for Sogndal kino finn du her
Programmet for Årdal kino finn du her

Støtt ditt lokale lag

Ver tilstades på Jotun Stadion laurdag den 15. når Årdal FK tek imot Ullensaker/Kisa II. Dette er siste heimekamp for årdølene, og dermed siste sjanse til å heie på heimebane. 

Denne laurdagen møter Kaupangerdamene bergenslaget Arna Bjørnar. Vinn dei denne kampen, treng dei kun spele uavgjort i seriefinalen for å sikre opprykk til 1. divisjon.

– Eg håpar det kjem masse folk på kampen, at folk møter opp og støttar laget , seier trenar for Kaupanger, Øystein Lindesteg Rinde.

Er det noko du saknar? Tips oss!

Til toppen