KONKRETISERING: Næringssjef Inge Håvard Aarskog (f.v.) og rådmann Frank Westad, fekk etter kvart Aurland sparebank, Nærøyfjorden Verdsarvpark og Aurland ressursitvikling, her ved tilhøvesvis banksjef Atle Stalheim, dagleg leiar Erling Oppheim og dagleg leiar Solrun Hjelleflat, til å bli med i ei arbeidsgruppe som skal ta «Visjon Vangen» over i det konkrete. Siver Wangen og ein representant for Aurland handelsforening skal også vera med i gruppa. Varaordførar Leiv Jarle Bergheim (t.h.) fekk i utfordring frå banksjef Stalheim å koma med ei klårare bestilling frå politisk hald. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KONKRETISERING: Næringssjef Inge Håvard Aarskog (f.v.) og rådmann Frank Westad, fekk etter kvart Aurland sparebank, Nærøyfjorden Verdsarvpark og Aurland ressursitvikling, her ved tilhøvesvis banksjef Atle Stalheim, dagleg leiar Erling Oppheim og dagleg leiar Solrun Hjelleflat, til å bli med i ei arbeidsgruppe som skal ta «Visjon Vangen» over i det konkrete. Siver Wangen og ein representant for Aurland handelsforening skal også vera med i gruppa. Varaordførar Leiv Jarle Bergheim (t.h.) fekk i utfordring frå banksjef Stalheim å koma med ei klårare bestilling frå politisk hald. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her er aktørane som skal ta utviklinga av Aurlandsvangen vidare

Etter litt lett overtaling frå rådmann, næringssjef og politiske representantar kom det på plass ei arbeidsgruppe som skal gå konkret til verks med utvikling av Aurlandsvangen.

Aurland: – Målet i dag er at næringslivet går ut herifrå med stafettpinnen, og ikkje me. Me må koma oss vidare frå tankar til handling, reint faktisk og praktisk, innleia aurlandsrådmann Frank Westad offensivt.

Kommunen hadde tromma i hop til dialogmøte med næringslivet for å få fart på arbeidet med utvikling av Aurlandsvangen. «Handlekraft og konkretisering» var fana, noko næringssjef Inge Håvard Aarskog uttrykte slik:

– Me kan ikkje halda innbyggjarane for narr. Det går an å prosedera og utgreia i det uendelege, men no må me gå frå ord til handling.

Litteraturhus, gondol, sjøfront og konferansefasilitetar

På bordet frå kommunen si side ligg eit knippe idèar til kva ein kan få til på Aurlandsvangen. Utvikling av Heradshuset til eit utvida bibliotek som får ein form for Litteraturhusfunksjon. Moglegheitene ved Sjøfronten og tankane om gondol til Stegastein – og kanskje enno vidare til Prest – som begge har vore omtala på Porten.no tidlegare.

Les også: Politikarane etterlyser lokale investorar til sentrumsløft

Les også: MDG-politikar ser for seg gondol opp hit

Og ei satsing på konferansefasilitetar, både for å støtta opp om reiselivet – først og fremst bedriftssegmentet – men også som utgangspunkt for å etablera eit større og sterkare kompetansemiljø.

– Dette er berre nokre tankar; det kjem an på kva næringslivet vil ha. Og det bør bli etablert ei form for selskapsdanning som tek dette vidare, sa Westad vidare.

Han nemnde også at det har vore dialog med aktuelle lokale og andre investorar, og at det er interessentar her.

Hadde laga stafettpinne – men kven skulle ta den?

For å illustrera hovudpoenget med møtet hadde Westad gått svært så konkret og visuelt til verks; ein stafettpinne innprenta «Visjon Vangen» og datoen for dialogmøtet – 15. mars 2017 – skulle han og næringssjefen gje frå seg til næringslivet.

Artikkelen held fram under biletet

OFFENSIV: Rådmann Frank Westad var klar på at næringslivet måtte ta stafettpinnen vidare i prosjekt «Visjon Vangen».
OFFENSIV: Rådmann Frank Westad var klar på at næringslivet måtte ta stafettpinnen vidare i prosjekt «Visjon Vangen».

Spørsmålet var berre kven som skulle ta pinnen.

– Det er viktig at aktørar på Aurlandsvangen vil dette sjølve. Me kan bidra og hjelpa til, men har ikkje mandat til å sitja i hovudsetet, sa Solrun Hjelleflat, dagleg leiar i Aurland ressursutvikling AS.

Slik sett var det ingen som heiv seg fram etter stafettpinnen Westad og Aarskog hadde med. Unison semje i møterommet om eit godt initiativ, ja – men det var nokre men, som Kristine G. Ohnstad i Sognefjorden Næringshage AS påpeikte: 

– Eg let meg lett begeistra av initiativet, men kjem veldig raskt til nokre "men". For det er ein del praktiske utfordringar og skjèr i sjøen. Kor mange reisande må til for å køyra i pluss på ei gondolbane, til dømes. Her på Fretheim trudde me at me tenkte stort, men me ser voksesmerter no.

Såleis måtte det litt overtaling til frå kommunalt hald. Næringssjef Aarskog ville ufarleggjera rolla ved å ta over stafettpinnen:

– Situasjonen me står overfor er at me har etablert ein arena der næringsaktørar blir invitert til å driva dette vidare. Det hadde vore veldig greitt om me gjekk ut her i dag og hadde ei gruppe som tok denne. Viss fleire tek den i lag, så er det kanskje litt mindre skummelt. Me skal ikkje overlata dykk heilt til dykk sjølve, me skal vera med.

Også varaordførarar Leiv Jarle Bergheim (Ap) understreka viktigheita av at ein kom nokon veg.

– Ein kan ikkje venta på alt av kommunale planverk også vidare, me må smi no og starta ei gruppe som er interesserte i å ta dette vidare. Eg trur ikkje det blir ei lukkeleg greie om kommunen tek rolla. 

Peika på banksjefen

Sturle Ryum representerte i utgangspunktet Sau og Geit, men sit også i formannskapet. Han stilte først spørsmål ved kvar Aurland Handelsforeining var, og fekk svar av næringssjef Aarskog som gjekk på at aktiviteten her ikkje var all verda, og at slike foreiningar var utfordrande å få fart på.

Så gjekk Ryum meir konkret til verks.

– Viss det er nokon som er skikka til å ta føringa og har økonomiske musklar må det vera banken. Så eg utfordrar banksjefen.

Banksjef Atle Stalheim gjorde seg ikkje vanskeleg, men gjentok poenget han hadde vore inne på før – at bestillinga frå kommunen må vera meir konkret:

– Me kan ta stafettpinnen, men me må vita kva dette skal vera – kva stafett me faktisk skal springa. Ikkje at det skal vera detaljert frå politisk hald, men at «Visjon Vangen» er noko konkret på overordna plan. Elles ser eg mange hindringar vidare. Og me vil helst ikkje sitja åleine med dette.

Artikkelen held fram under biletet

UTFORDRING: Westad var kjapp med å gi stafettpinnen til banksjef Atle Stalheim då han langt på veg tok utfordringa frå Sturle Ryum.
UTFORDRING: Westad var kjapp med å gi stafettpinnen til banksjef Atle Stalheim då han langt på veg tok utfordringa frå Sturle Ryum.

– Campus Aurland

Som nemnd låg det inne mange idèar og moglege planar frå kommunalt hald, men ein kunne tolka forsamlinga i retning av at ei satsing på konferansefasilitetar og å styrkja og vidareutvikla eit kompetansemiljø knytt til verdsarvstatusen kunne ha mykje føre seg.

– Me har eit etterslep på kontorlokaler; fleire vil satsa, men me har lite å tilby. Og ved å satsa på kurs- og konferanse legg me til rette for eit nytt segment innan turisme – me kan trekkja fleire besøkjande vinterstid. Og dette vil vera i sameksistens med fleire interesser, sa næringssjef Aarskog.

Leif Inge Underdal var av dei som meinte konferanse- og kompetansetanken var spennande

– Me har hatt verdsarvstatusen i ti år, men liten grad brukt den – store reiselivsaktørar har nytta seg av statusen, men i altfor liten grad frå kommunalt hald. Kva skal det vera? Konferanse er nemnd, det vil vera å tilpassa ei vidareutvikling av reiselivet. Og det bør i høgste grad vera mogleg å byggja opp eit kompetansemiljø. Utan at eg har veldig god greie på dette, veit eg det er store utfordringar rundt forsking på fjorden og områda rundt – det kan vera eit utgangspunkt. Stafettpinnen bør gå til fleire, og meiner ein pinne bør gå til Parken.

Altså Nærøyfjorden Verdsarvpark. Og dagleg leiar, Erling Oppheim var inne på mykje det same

– Eg ser ingen grunn til at me ikkje skal klara å trekkja til oss attraktive arbeidsplassar, som til som til dømes Sogndal. Alt treng ikkje å hopa seg opp der. Så me ser på moglegheita for eit kompetansesenter der alle som har ei rolle i høve verdsarv og fjordlandskap kan sitja. Eit Campus Aurland. 

Arbeidsgruppe på seks skal ta jobben vidare

Nærøyfjorden Verdsarvpark vart også med Aurland sparebank i ei arbeidsgruppe som til slutt vart sett ned. Gruppa skal altså jobba vidare med å konkretisera «Visjon Vangen», og skal også bestå av Siver Wangen og representantar som blir utpeikt frå følgjande aktørar

  • Aurland Ressursutvikling
  • Aurland Handelsforening
  • Aurland Kjøle- og Fruktlager SA

Kommunen skal vera støtta opp og næringssjef Aarskog tok på seg ei sekretærrolle.

Varaordførar Bergheim nemnde at dei føreståande møta i formannskap og kommunestyre ville sjå på ei meir konkret bestilling, som banksjef Stalheim altså etterlyste.

Han nytta også høvet til å rosa Stalheim:

– Eg tykte det var kjempekjekt at du tok pinnen. Ei gruppe som den som er nedsett trur eg er vegen å gå.

    

Til toppen