HAR STARTA REPERASJON: Ei gravemaskin har allereie tatt ned dei største lause delane i Fjærlandstunnelen etter brannen. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen.
HAR STARTA REPERASJON: Ei gravemaskin har allereie tatt ned dei største lause delane i Fjærlandstunnelen etter brannen. Foto: Jens Tveit, Statens vegvesen.

Her er arbeidet med å reparere tunnelen i gang

Fjellet må spylast, reinskast og sikrast, medan elektrisk utstyr må skiftast ut etter brannen i Fjærlandstunnelen.

Fjærland: – Det har vore sterk varmeutvikling frå brannen, og det har rast ned ein del stein der feiebilen stod i brann. Det er rive hol på sikkerheitsnettet i taket. Det ytste laget av fjellet har sprukke opp over eit større område på grunn av den sterke varmen, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

No ventar geologane på ein platformbil som vil gi betre tilkomst til taket. I tillegg er eit fjellsikringslag frå Presis vegdrift på veg og går inn i tunnelen etter klokka 16.00 for å sjå nærare på taket i tunnelen.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE SOT: Tunnelen må no høgtrykkspylast for å få vekk mykje sot. Deretter ventar bolting og sprutbetong til slutt. Det vil ta nokre dagar før dette arbeidet er gjort. 
MYKJE SOT: Tunnelen må no høgtrykkspylast for å få vekk mykje sot. Deretter ventar bolting og sprutbetong til slutt. Det vil ta nokre dagar før dette arbeidet er gjort. 

Ei gravemaskin har allereie tatt ned dei største lause delane, opplyser Statens vegvesen. Det var måndag kveld at ein feiebil byrja å brenne i Fjærlandstunnelen, der 13 personar vart sendt til Førde sentralsjukehus med røykskadar. 

Startar med styrt trafikkavvikling så fort som råd

Tunnelen må no høgtrykkspylast for å få vekk mykje sot. Deretter ventar bolting og sprutbetong til slutt. Det vil ta nokre dagar før dette arbeidet er gjort.

– Det vil ta fleire dagar å reparere tunnelen etter brannen. Men me vil sette i gang med styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen så fort me kan – kanskje om to-tre dagar, seier Finden. 

Artikkelen held fram under biletet.

UTBRENT: Slik ser feiebilen ut etter at han tok fyr inni tunnelen måndag kveld.
UTBRENT: Slik ser feiebilen ut etter at han tok fyr inni tunnelen måndag kveld.

Trafikken er omdirigert via rv/fv. 55 via Høyanger og fergesambandet Dragsvik-Hella. Fjord1 set inn ekstra turar på natt for å ta unna trafikken på Dragsvik-Hella medan tunnelen er stengt.

Avangane frå Dragsvik er klokka 2.30, 3.30 og 4.30, medan avgangane frå Hella er klokka 3.00 og 4.00. Desse er tilpassa slik at det er god køyretid til ferjesambandet Mannheller-Fodnes.

Til toppen