DYRAST: Det er hovudsakleg eigedomsskatten som gjer Sogndal til dyrast på avgifter i Sogn. Illustrasjonsfoto
DYRAST: Det er hovudsakleg eigedomsskatten som gjer Sogndal til dyrast på avgifter i Sogn. Illustrasjonsfoto

Her er avgiftene høgast i Sogn

Sogndal er kommunen der gjennomsnittsfamilien må ut med mest i kommunale avgifter i Sogn. Årdal på den andre sida er nest rimlegast i fylket.

Sogndal/Årdal/Aurland/Lærdal: Norsk familieøkonomi har publisert ei fersk undersøkjing som viser kor mykje ein gjennomsnittsfamilie må ut med i kommunale avgifter i alle landets kommunar.

Kostnadsnivået blir berekna utifrå dei reviderte Kostra-tala i Statistisk sentralbyrå. Summen som avgjer korleis kommunane hamnar på lista kjem an på avgiftene på vatn, avløp, renovasjon, feiing og eventuelt egiedomsskatt.

Sogndal er tredje dyrast i fylket – berre "slegne" av Naustdal og Jølster. Totalt blir det i undersøkjinga berekna at ein gjennomsnittleg husstand må ut med 15 735 kroner i året samla for desse fem avgiftene. Det gjer også Sogndal til den 56.dyraste kommunen i landet på kommunale avgifter.

Hovudårsaka til at Sogndal skil seg frå dei andre kommunane i Sogn er eigedomsskatt på 5000 kroner for ein einebustad på 120 kvadratmeter - som denne parameteren blir berekna utifrå. Vik har rett nok høgare eigedomsskatt - 5880 kroner for ein slik einebustad - men blir likevel "berre" nest dyrast i Sogn fordi dei øvrige utgiftene er lågare. 

Årdal plasserer seg i den andre enden av skalaen, og er nest rimelegast både i fylket og Sogn, berre slått av Balestrand. Her må ein gjennomsnittleg husstand ut med 7346 kroner i året - under halvparten av Sogndal.

Årdal har også eigedomsskatt - 2500 kroner for ein einebustad på 120 kvadratmeter - men svært låge avgifter elles. Dette gjer kommunen til den 19.rimelegaste i landet på desse parametrane, og til den aller rimlegaste som har eigedomsskatt.

Aurland og Lærdal kjem også ut som to tilhøvesvis billige kommunar - i Lærdal må ein ut med 9575 kroner og i Aurland 9666 kroner for dei same avgiftene. Det gjer Lærdal til den 38.rimelegaste i landet og Aurland til den 44.rimelegaste.

Ingen av kommunane har eigedomsskatt, men i høve Årdal er avgiftene svært mykje høgare på to parameter: nesten tre gonger så mykje på vatn og godt over dobbelt så mykje på kloakk i begge kommunane samanlikna med Årdal.

Sjekk heile undersøkjinga her.

Til toppen