NYTT TREKKPLASTER: Alle kommunane i fylket skal få eiga dagsturhytte. Årdal si vert plassert på det populære turmålet Moakamben.
NYTT TREKKPLASTER: Alle kommunane i fylket skal få eiga dagsturhytte. Årdal si vert plassert på det populære turmålet Moakamben. (Foto: Årdal Gålag)

Her er dagsturhytta i Årdal endeleg på plass

Dugnadsgjengen vart gratulert med ein god klem.

Årdal: Ho skulle eigentleg blitt sett opp i midten av september, men har blitt stoppa fleire gonger av dårleg helikoptervêr. Måndag kom dagsturhytta endeleg på plass på Moakamben i Øvre Årdal.

STRÅLANDE GLAD: Leiar Gunvor Nordås i gålaget tykkjer dugnadsgjengen har gjort ein framifrå innsats for å få dagsturhytta på plass. Foto: Årdal Gålag

– Det er kjempegledeleg. Alle karane der oppe fekk ein klem og det var vel fortent. Eg fekk tårer i augene av kor flott det vert, med den utsikta mot Bøttejuvet og vatnet, seier Gunvor Nordås i Årdal Gålag. 

Dei har teke på seg å halda tilsyn med hytta, og ein dugnadsgjeng derifrå, med Harald Yndestad og Magnar Fredheim i spissen, hjalp òg til med å få ho montert. 

Enno står det att noko arbeid før hytta kan takast i bruk. Mellom anna må innreiing og solceller på plass.

Skal utbetre stien opp

Gålaget brukar årleg å ta turen opp til Moakamben, og det er ein populær trimpost. Nordås trur ikkje det blir noko mindre populært turmål no når hytta er komen på plass.

– Årets tur skulle me eigentleg ha når me innvia hytta, men det vart aldri for ho kom jo så seint, seier ho.

Til neste år har dei planar om å setta opp skilt og ordna litt på den eine stien som går opp frå parkeringsplassen. Turen tek omlag 30 minutt.

– Me skal sjå etter hytta, og passa på at alt er i orden, seier Nordås.

Til toppen