Her er dei best på kultur i Sogn

Her er dei best på kultur i Sogn

Når det kjem til museum og kino spesifikt, er Sogndal best i heile fylket, medan Aurland har den beste kulturskulen.

Sogndal: Norsk kulturindeks 2016 blir laga av Telemarksforsking og er ei oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, regionar og fylke.

Sogn og Fjordane er det ellevte beste kulturfylket i landet, altså midt i fatet. På kommunenivå er det Sogndal som kjem best ut i Sogn med ein 3. plass i fylket, før seg har dei Gloppen – fylkesvinnar – og Førde på 2. plass. Dessutan hamnar Sogndal på ein respekatbel 16. plass på landsbasis

Sogndal er dessutan aller best i fylket på to underkategoriar – museum og kino.

Dårleg for Årdal

Aurland gjer det også bra med ein 6. plass i fylket, tredje best i Sogn. Balestrand ligg på plassen føre. Dessutan har Aurland inne ein 1. plass i underkategorien kulturskule.

Lærdal ligg også på øvre halvdel samanlikna med fylket for øvrig; her blir det 11. plass av 26 moglege.

I andre enden hamnar Årdal heilt nede på 20. plass. Men dei har to sognekommunar bak seg; Luster på 23. plass og Leikanger på 24. plass.

– Ikkje sanning, men peikepinn

Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, stiller spørsmål om me kan måle kultur.

– Truleg ikkje, men me kan måle kulturinnsats. Vi kan faktisk få fram rimeleg gode data der kommunar og fylke kan samanliknast med kvarandre. Ein kulturindeks gir ikkje heile sanninga, men eg trur det er rett å seie at det gir ein peikepinn, seier Heggheim i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kulturindeksen forsøker å få fram eit bilete som er korrigert for kommunale budsjett og folkesamansetjing. Dette vil fylkeskommunen saman med partnarskapen i fylket bruke som eit grunnlag når vi no utarbeider regional plan for kultur. Denne skal vere vedteke og gjelde frå 2019, går det vidare fram av pressmeldinga.

Til toppen