MEST LEST: Sakene som klikka best i 2017.
MEST LEST: Sakene som klikka best i 2017. (Montasje)

Her er dei elleve mest lesne sakene i 2017

Ein hevngjerrig sau og ein mystisk slank laks, ein nedstrippa BMW og ein knallgul Lamborghini Murcièlago og ikkje minst brannar og ulukker. Dette er nyheitene lesarane våre vile ha mest av i året som gjekk.

1. Ulukker

BRANN: I år har det vore to store brannar i Sogndal. I den eine gjekk det gamle trehuset Stedjetunet tapt.
BRANN: I år har det vore to store brannar i Sogndal. I den eine gjekk det gamle trehuset Stedjetunet tapt. Bilde: Josef Benoni Ness

Kvart år kjem ulukker, ras, brannar og tragedier høgt på listene over dei mest leste sakene. 2017 har bydd på nok av tragiske hendingar, diverre. Hadde alle desse fått kvart sitt punkt, så hadde dei teke opp halve lista. Mest lest i 2017 vart saka om den tragiske frontkollisjonen i Lærdalstunnelen der eitt menneske miste livet i juli. Brannen i Stedjetunet i Sogndal var den tredje mest leste saka, brannen i Sogndal sentrum var nummer fire, frontkollisjonen i Bakkagjelstunnelen der ein bussjåfør frå Sogn miste livet nummer seks, ei arbeidsulukke på Hydro i mai nummer sju og trippelkollisjonen i Lærdal i juli nummer ni.

2. Katten tergar, så skjer dette

NETTFAVORITT: Desse to karane gjekk viralt i 2017.
NETTFAVORITT: Desse to karane gjekk viralt i 2017.

Dyr er òg ein klikkvinnar. Rune Venes frå Fardal i Sogndal hadde kameraet framme då den svarte katten hans byrja å bli vel hard på labben med sauene i fjøsen. Ein av dei valde å svara med same mynt og resten er internetthistorie, i det minste i lokal målestokk. Sidan mai er klippet sett over 300.000 gonger og blitt plukka opp av utanlandske medie som britiske The Telegraph og Daily Star, australske (ikkje den største bomba) The Weekly Times og amerikanske Mashable. Men du las om det først her på Porten.no.

3. Laksemysteriet er løyst

Greit at dyr er populære. Men kven hadde trudd at ein fisk skulle skapa så mykje oppstyr? Det var i juli at Bjørn Tore Løkkebø fekk ein uvanleg fangst i Lærdalselvi. Laksen var heile 121 centimeter lang, men vekta var fire kilo under det normale ifølgje vekttabellen. Den røynde fiskaren sa han aldri hadde sett noko liknande. Diskusjonen blant laksekjennarar gjekk flittig. Kunne det vera ein oppdrettslaks, eller ein vinterstøing? Svaret på mysteriet kom fem dagar seinare og fekk laksefolket til å klikka fullstendig. På saka vi skreiv, altså.

HUNGRA ETTER SANDWICH: SUBWAY-kjeda var tydelegvis eit populært tilskot til handelsstanden i Sogndal.
HUNGRA ETTER SANDWICH: SUBWAY-kjeda var tydelegvis eit populært tilskot til handelsstanden i Sogndal. Bilde: Halvor Farsund Storvik

4. Amerikansk hurtigmatkjede til Sogndal

Dei har rundt 45.000 restaurantar i over 100 land. Men ingen av dei har vel vore meir etterlengta enn når SUBWAY-kjeda inntok Sogndal. I det minste tyder lesartala våre på det. Det skada vel heller ikkje at tre lokale entreprenørar stod bak initiativet for å få den halvsunne hurtigmaten til bygda.

5. Ulukkessjåfør hevdar brøytebilane ignorerte han i over ein time

Tidleg ein morgon i oktober kræsja ein svart Volvo i ein lyktestolpe på Hemsedalsfjellet. Bilen stoppa med smadra front nokre meter utanfor vegbana. Der vart sjåføren ifølge eige vitnemål sittande i over ein time medan ein brøytande traktor passerte fleire gonger. Stemora lova å politimelda saka. Vegvesenet på si side nekta for å ha gjort noko gale. I tillegg meinte dei å ha bevis i form av GPS-loggar som viser rørslene til brøytebilane og traktorane deira. Uansett kva som er rett eller gale, historia fenga i det minste lesarane.

6. Kjøper Kvammes bles liv i hotelldrifta

ÆRVERDIG: Opphavleg vart det bygd som «Lærdalsøren hotell» på slutten av 1800-talet. No skal det igjen verta overnattingstilbod her. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ÆRVERDIG: Opphavleg vart det bygd som «Lærdalsøren hotell» på slutten av 1800-talet. No skal det igjen verta overnattingstilbod her. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Det ærverdig trehuset vart opphavleg bygd som Lærdalsøren hotell på slutten av 1800-talet. Dei siste førti åra har det ikkje vore overnattingstilbod her. På nyåret 2017 slo Johannes Einemo og Elin Forthun Partenyi til og kjøpte huset, meir eller mindre på impuls. Målet var å blesa liv i hotelldrifta, i tillegg til å driva vidare kafèen og puben. Det fall i smak hos lærdølene, som kasta seg over gladnyheita då ho kom «på trykk» her hos oss.

7. Årdal er mørklagd, Hydro er råka av straumstansen

MØRKT: Når det er mørkt på Hydro er dramatikken aldri langt unna.
MØRKT: Når det er mørkt på Hydro er dramatikken aldri langt unna. Bilde: Snorre Sandemose

At straumen går er sjeldan ei stor nyheit. Men i Årdal er det dét. Straumbrot kan få katastrofale følgjer for aluminiumsverket i bygda og dermed i verste fall for bygda sjølv. Er straumen vekke i meir enn tre-fire timar kan den flytande aluminiumen nemleg størkna i omnane. Om det skjer er det krise. På ordentleg. Denne gongen slapp årdølene med skrekken. Straumen kom tilbake etter ein dryg time. Likevel var det tid nok til at saka vart ein av klikkvinnarane i 2017.

8. Han byggjer ny bil heilt frå grunnen av

HEIMEMEKKA: Alvin Lægreid byggjer bil på ein låve. Sogndølen satsar hardt på den veksande motorsporten drifting.
HEIMEMEKKA: Alvin Lægreid byggjer bil på ein låve. Sogndølen satsar hardt på den veksande motorsporten drifting.

Folk set pris på nevenyttige folk. Alvin Lægreid er ein slik. Sogndølen satsar hardt på den veksande sporten drifting. Då han trengde ny bil til sesongen gjekk han grundigare til verks enn dei fleste. Han kjøpte ein brukt BMW 1-serie i Tyskland, tok den med heim og byrja å plukka han frå kvarandre. Til slutt stod knapt skalet att, eit perfekt utgangspunkt for å byggja ein framtidig konkurransebil med 935 hestekrefter. Då Porten.no kom på besøk forklarte Lægreid korleis han hadde tenkt å få det til. Det var det ikkje berre journalisten som lurte på.

9. Dei satsar alle sparepengane på nytt treningstilbod i Sogndal

Folk som ikkje berre har draumar, men som òg tør å setta dei ut i livet er alltid inspirerande. Tiago Mendes og Stian Hardeland hadde lenge gått med den same draumen: å starta eit eige treningssenter. Då dei kom over ledige lokale i Sogndal, ei ombygd løe, tok dei steget saman og satsa alle sparepengane på å få det til. Konseptet deira er kampsport, styrketrening og låge prisar. Viss responsen hos treningsfolket var like god som hos lesarane våre, så tippar me det vert god butikk.

10. – Det er litt dumt, for alle veit kven eg er viss eg køyrer forbi dei i ein helvetes fart

TIDLEG UTE: Johannes Einemo er svak for italienske fartsvidunder – og særeigne bilskilt.
TIDLEG UTE: Johannes Einemo er svak for italienske fartsvidunder – og særeigne bilskilt. Bilde: Halvor Farsund Storvik

2017 var året då det vart lov med personlege bilskilt. Bilentusiast Johannes Einemo frå Lærdal var ein av titusenvis over heile landet som skaffa seg eitt. Eigentleg skulle «Lambo» pryda skilta, men det var opptatt. Då gjekk han for det nest beste alternativet, nemleg etternamnet. Som å skyta seg sjølv i foten, måtte Einemo innrømma. For viss han no køyrer forbi folk i ein «helvetes fart», så veit alle kven det er. Før det slo han: kanskje er det avslørande nok at han sit bak rattet på ein knallgul Lamborghini Murcièlago.

11. Dei vil lokka turistar med spektakulære tretopphytter

Dei spektakulære tretopphyttene på Kaupanger fanga interessa til mange lesarar. Idèen kom frå eit TV-program med Dorthe Skappel og utvikla seg til å bli eit skikkeleg familieprosjekt. Onklar, tanter, søskenbarn, mor, far, brødre og svigerinne er alle med på dugnadsjobben.  Til våren håper dei å ha ferdig den første, men målet er at det skal kome seks til saman. Hyttene blir bygde høgt over bakken, i ei skogside med utsyn over Amlabukti. Stilen er inspirert av norrøn mytologi og norske stavkyrkjer. 

Til toppen