Sogndal: Sidan starten for ti år sidan er det investert for 1,8 milliardar på Fosshaugane Campus.
No er det laga ein plan som skisserer korleis området skal utvikle seg dei neste 30 til 40 åra: «Fosshaugane Campus 2.0» er på 66 sider, pluss fire tilhøyrande konsulentrapportar.
Den er laga av dei fem eigarane Statsbygg, Høgskulen, Sogndal Fotball, Fylkeskommunen og Sogndal kommune. Med så mange kloke hovud i sving samstundes er det ikkje til å unngå at resultatet vert til dels kompliserte tankar.
I rapporten vert det til dømes snakka om (det er forresten lova å hoppa over dette avsnittet og rett til høgdepunkta i planen): Materielle og sosiokulturelle tilbod, organisatoriske møteplassar, organisatoriske eigarstrukturar, programmatisk organisering, læringsakse, moglegheitsrom, landskapsrom, elverom, plassrom, utflytande byrom, definerte romforløp, romlege og bruksmessige samanhengar, fullintigrert driftssamarbeid, samkontakt, samhandlingsprosessar, naturelement, portalelement, fysiske sambandslinjer, rørslelinjer, opplevde orienteringspunkt og målpunkt, angrepspunkt, tilknytingspunkt, sentralitetar, rekreasjonsressurs, fellesprosess og lyssetjingsstrategi.
Difor kan det vere greitt å oppsummere kva planen går ut på i nokre få og kortfatta punkt:
Her er høgdepunkta i Campusplanen:
- Legge til rette for ny vekst. Planen viser at det er omlag 106.000 kvadradmeter ledig areal til vidare utbygging. Utbygginga er føreslått i fire trinn, som vi presenterte i går då planen vart lagt fram på ein pressekonferanse.

- Legge til rette for meir innovasjon. Første steg på vegen er er å få på plass eit eige Innovasjonsbygg. Det kan stå klart så tidleg som i oktober 2017, som vi tidlegare har omtala.

- Gjere det lettare å finne fram: Det handlar om alt frå skilting til etablering av signalbygg på strategiske plassar, som skal fungere som inngangsportalar til Campus.

- Lette ferdselen for gåande og syklande. Målet er å flytte all parkeringa under bakken og at det skal bli enno lettare å ta seg til området for gåande og syklande. På sikt er tanken at Fosshaugane Campus skal bli bilfritt.

- Kople saman sentrum og Campus. I dag utgjer desse to separate tyngdepunkt i bygda, målet er at dei skal smelte saman til eitt.

- Styrke merkevara og den felles identiteten. Her det mellom anna forslag om å døype om Fosshaugane Campus til Campus Sogndal.