KJØPT TOMT: Slinde transport har kjøpt tomt på Håbakken og ønskjer å utvida verksemda.
KJØPT TOMT: Slinde transport har kjøpt tomt på Håbakken og ønskjer å utvida verksemda. (Foto: Steinar Kvigne)

Her er dei første gravemaskinene i gang på «nye» Håbakken

Draumen til politikarane i Lærdal er at alle som køyrer frå aust til vest skal bli frista til å stoppa i kommunen. No har den draumen teke eit første steg mot realisering.

Lærdal: – Me har absolutt tru på det me driv med, seier Magne Ahlin, dagleg leiar i Slinde transport.

Verksemda er den første som har kjøpt tomt på «nye» Håbakken og bestemt seg for å bygga. Kor mykje utvidinga vil kosta kan ikkje den daglege leiaren seia.

– Det er ikkje alle detaljar som er klare enno, men det er snakk om eit tosifra millionbeløp, seier Ahlin.

SATSAR: Slinde Transport plasseringa til Håbakken blir enno viktigare etter kvart som trafikken mellom aust og vest vil auka. Her står driftssjef Arne Slinde Ahlin utanfor servicebygget dei reiste på området i 2012. Foto: Steinar Kvigne

Ordføraren: – Veldig gledeleg

Håbakken i Lærdal ligg midt mellom Bergen og Oslo, langs eitt av hovudsambanda mellom aust og vest, E16. Kommunen har i fleire år jobba for å få enno fleire forbipasserande til å stoppa der.

Nyleg vedtok dei difor planar som skal legga til rette for at fleire bedrifter etablerer seg der, bedrifter som vil lokka folk til å parkera bilen og la beina få ein strekk.

Dei to sentrale aktørane kommunen har jobba mest med er Slinde transport og Lærdal Grønt. No er den første biten i puslespelet på plass.

– Me har gjort ein avtale med kommunen om å kjøpa seks dekar i tilknyting til det eksisterande arealet som me har. Det er kommunen i ferd med å tilrettelegga. Me har planar om å bygga, seier Ahlin.

 Det er veldig gledeleg, og ei veldig ønska utvikling. Han har sett kor sentralt Håbakken er, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal om milestolpen.

Trur på auka transport mellom aust og vest

Slinde Transport driv mellom anna ein verkstad og dieselfylling for tunge køyretøy på Håbakken, og dei handterar distribusjon for Schenker.

No vil dei utvida for å møta det auka volumet dei ventar i framtida.

– Storbyane våre veks, då blir det òg meir transport mellom byane. Volumet og trafikken på E16 vil auka kraftig framover, i takt med folketalsutviklinga i Oslo og Bergen. Plasseringa vår på Håbakken er unik, seier Ahlin.

Han skryt uoppfordra av kommunen som har lagt til rette tomta dei skal bygga på.

– Dei trur på oss og me trur på dei. Det har utvikla seg eit godt samarbeid, seier Ahlin.

Lærdal Grønt framleis på gjerdet

Slinde Transport vil naturlegvis bli eit viktig servicetilbod for tungtransporten, men for å lokka til seg vanlege vegfarande er det signalbygget til Lærdal Grønt det er knytt størst forventingar til. 

Som Porten.no tidlegare har omtalt, ønskjer suksessverksemda å skapa ei publikumsretta klynge beståande av både utsal av lokale matvarer, servering av lokalmat, eit inspirasjonssenter og eit form for kunnskapssenter på austre del av Håbakken

– Viss Lærdal Grønt bestemmer seg, så blir det ein av motorane oppå der. Det er noko me har brukt mykje tid og energi på å legga til rette for. Avgjerda ligg no til dei, seier Solheim.

Dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal seier at dei ikkje har bestemt seg enno. Ei avgjerd er heller ikkje venta med det første no når landbrukssesongen er i gang.

– Dette er noko me har jobba hardt med, og me har ikkje slått det frå oss, men vil ta det opp att når det roar seg litt, seier han.

Til toppen