BRA VÆR: Den varme våren har gjort at bæra har kome raskt. FOTO: Jan Christian Jerving.
BRA VÆR: Den varme våren har gjort at bæra har kome raskt. FOTO: Jan Christian Jerving.

Her er dei første jordbæra

I år er jordbæra her tidlegare enn vanleg. Grunnen til dette er den nye dyrkingsteknikken Lærdal Grønt har starta med. 

I fjor vart det lovleg å importere produksjonsklare planter til Noreg. Det spesielle med ei produksjonsklar plante er at planta er stor når den kjem, og at planta gjev avling same året. 

Meir sikkert

SIKKERT: Med den nye teknikken får bærbøndene ei sikrare avling.
SIKKERT: Med den nye teknikken får bærbøndene ei sikrare avling.

Rikard Lysne i Lærdal Grønt fortel at produksjonsmåten gjev ei meir sikker og større avling.

– Dette er ein litt spesiell måte å dyrke på. Me haustar samma året som me dyrkar bæra. vanligvis blir det dyrka over fleire år. No har me planta større planter, som blir lagra på frys om vinteren. Når våren kjem bestemmer me når plantene blir teken ut.

– Ein må rekne med 60 dagar med bra vær for å få bær med denne teknikken. I Lærdal har me ein del overvintringskade på bæra, noko med unngår no. Med den nye dyrkingsteknikken er me meir sikker på å få ei større avling, med jamne store bær.

 

 

 

Til toppen