MÅ BESTEMME SEG: Om to veker får kommunestyret i Sogndal desse fire alternativa å velje mellom når dei skal bestemme plassering av ny sentrumsbarnehage. Illustrasjon: Halvor Farsund Storvik/Google Maps

Her er dei heitaste kandidatane til ny sentrumsbarnehage

Tolv alternativ har blitt til fire.

Sogndal: I formannskapet i dag, torsdag, skulle politikarane i Sogndal ta stilling til plassering av ein ny sentrumsbarnehage.

Administrasjonen med rådmannen i spissen meiner at Rutlin er det beste alternativet, men hadde fått i oppgåve å greie ut det beste alternativet. Der vann parkeringsplassen ved Kvåle skule fram, i tett race med ei tomt i Trolladalen, vegen som går opp til Campus.

Ingen av dei to fell i smak hos politikarane:

Les også: Søkarboom til barnehagane skapar trøbbel i Sogndal
Les også: Plassering av ny barnehage kjem på bordet til sommaren

FIRE ALTERNATIV: Oppe til venstre ser du eplehagen i Fosshagen like ved legesenteret (kandidaten til Sp og V), oppe til høgre ser du eplehagen på baksida av psykiatrisenteret på Rutlin (kandidaten til Ap og SV), nede til venstre ser du eplehagen aust for Kvåle stadion (kandidaten til Frp) og nede til høgre ser du området ved Bjelde gard (kandidaten til H og KrF). 

Tre eplehagar i fare

Arbeidarpartiet har heile tida vore tydeleg på kva dei meiner. Konklusjonen i formannskapet var ikkje noko unnatak.

– Det vi har lagt til grunn heile vegen er dei vurderingane administrasjonen har gjort og der kjem Rutlin best ut, sa Kjetil Kvåle (Ap) under debatten.

GÅR FOR RUTLIN: Ap og gruppeleiar Kjetil Kvåle har heile tida argumentert for Rutlin. Det standpunktet vika dei ikkje frå i formannskapet i dag.
GÅR FOR RUTLIN: Ap og gruppeleiar Kjetil Kvåle har heile tida argumentert for Rutlin. Det standpunktet vika dei ikkje frå i formannskapet i dag.

I den samla vurderinga frå administrasjonen skårar Rutlin høgt på samtlege punkt. Unnataket er konflikta den kjem i med landbruksinteresser. Som tre av dei andre alternativa vil den føreslegne tomta kome der det i dag er ein eplehage.

Apropos eplehage, Senterpartiet og Laura Kvamme argumenterte for Fosshagen som den verkelege sentrumsbarnehagen, og fekk støtte frå Venstre. Denne kjem òg godt ut i administrasjonen si vurdering, sett vekk frå mogleg trekk frå elva, auka trafikk i eit uønska område og igjen konflikta med landbruket. 

– Med god planlegging vil ein barnehage i Fosshagen bli ein berikelse for området, meinte Christen Knagenhjelm (V).

Lanserte ny kandidat

Høgre og KrF løfta fram Bjelde gard som det framtidsretta alternativet.

– Kvar er sentrum i Sogndal om fem år?, spurte Margrete Haug retorisk.

OVERRASKA: Rita Navarsete (Frp) trakk kanina opp av hatten då ho lanserte ei heilt ny variant aust for Kvåle stadion.
OVERRASKA: Rita Navarsete (Frp) trakk kanina opp av hatten då ho lanserte ei heilt ny variant aust for Kvåle stadion.

Bjelde gard hadde nemleg ikkje fått særleg høg poengsum frå rådmannen, mest på grunn av lang avstand frå sentrum og planlagd bustadutbygging, med dei ekstrakostnadane og den ekstra trafikken det vil medføre.

Rita Navarsete og Frp plukka noko uventa fram ein heilt ukjend kandidat. Dei hadde vore i kontakt med ein grunneigar frå Kvåle, som skal vere villig til å avstå grunn like aust for stadion.

Det vart tidleg klart at politikarane ikkje ville greie å samle seg om èi tilråding til kommunestyret. I staden stemte dei over kvart av alternativa som hadde blitt løfta fram i debatten, slik at kommunestyret skal få ekstra armslag til å fatte ei forhåpentleg velfundert avgjerd om to veker.

Slik gjekk stemmegjevinga: 

  • Barnehage på Rutlin, like ved psykiatrisenteret, fekk tre stemmer: to frå Ap og èi frå SV, under tvil.
  • Barnehage i Fosshagen, like ved legesenteret, fekk tre stemmer: to frå Sp og ei frå venstre.
  • Barnehage på Bjelde fekk to stemmer, ei frå Høgre og ei frå KrF.
  • Frp lanserte eit nytt alternativ, ein barnehage på austsida av Kvåle stadion, men fekk berre si eiga stemme for det forslaget.
Til toppen