Øvre Årdal: Måndag var det mange spente 6-åringar som vakna til sin første skuledag over heile landet. Ved Farnes skule i Øvre Årdal byrja det 33 elevar i 1. klasse.
Dei som hugsar tilbake til sin første skuledag, minnast sikkert ein god del spente tankar om korleis denne nye kvardagen skulle bli med nye vener og ikkje minst – lekser.
– Eg trur det blir gøy med lekser, seier Linnea Sperle. Ho gruar seg ikkje til å måtte jobbe med skulearbeid når skulen er over.
Det gjer heller ikkje Tim Hunderi, som tar første skuledag med stor ro.
– Kva har du gjort i dag?
– Nei, eg har berre sete inne og sett på nokon. Og så har me spelt Lego Marvel, svarar han.
Artikkelen held fram under biletet.

Linnea fortel at ho har teikna. Sjølv om dei begge hadde masse sommarfuglar i magen før dei gjekk på skulen i dag, fekk begge sova i natt.
Men då vekkerklokka ringte, har dei begge berre gått og venta.
– Ja, eg berre stod i døra og venta heilt til me skulle reisa, fortel Tim.
Det er ingen tvil om at første skuledag er ein heilt spesiell dag for dei fleste. Etter å ha blitt helsa velkomen og blitt fotografert, er dei no ferdig med den første av mange lærerike dagar på skulen.