ÅRETS NAMN: Desse ti er Porten.no-redaksjonens nominerte til Årets namn. Er det nokon som manglar? Då kan du senda oss ein nominasjon.
ÅRETS NAMN: Desse ti er Porten.no-redaksjonens nominerte til Årets namn. Er det nokon som manglar? Då kan du senda oss ein nominasjon. (Kollasje: Arkiv)

Stem på Årets namn 2019!

Totalt ti nominerte kan bli Årets namn 2019. Kast di røyst i skjemaet under.

Indre Sogn: For første gong kårar Porten.no «Årets namn» i Indre Sogn, og du kan vera med å bestemma kven som vinn. 

– Med «Årets namn» ynskjer me å gje ekstra merksemd til nokon som har utmerka seg i lokalmiljøet det siste året. Kanskje har dei gjort ein spesiell innsats lokalt, oppnådd gode prestasjonar, skapt debatt, stått i krevande prosessar, eller har utmerka seg på andre måtar, seier redaktør og dagleg leiar Synne Haga.

Prisen Årets namn vil bli ein fast tradisjon hjå Porten.no vidare. 

– Dette ynskjer me å gjera saman med lesarane våre. Etter diskusjon innad i redaksjonen, har me kome fram til nokre namn me meiner skil seg ut. Samtidig er det ikkje nødvendigvis me som sit på fasiten, og me ynskjer difor at også lesarane kjem med sine nominasjonar, seier Haga. 

Porten.no nominert åtte som har utmerka seg i 2019 i lista under. I tillegg har de kome inn to nominasjonar frå lesarane våre.

No er avrøystinga open fram til 24.desember klokka 10. Du kan røyste éin gong per dag. Så no gjeld det å stemma på din favoritt! Vinnaren vert kåra 24.desember. 

Dei nominerte 

Sivert Mannsverk og Eirik Lereng. Foto: Arkiv

Sivert Mannsverk (17) og Eirik Lereng (18): Dei unge fotballtalenta frå Årdal har hatt eit imponerande 2019. Dei signerte begge proffkontrakt hjå Sogndal Fotball, og har kjempa i UEFA Youth League. Dei var med då G19-troppen til Norge fekk gull i prøve-EM i Nord-Irland. Lereng debuterte for landslaget. Mannsverk skåra sitt første mål for Sogndal og vart nominert til Årets namn i OBOS-ligaen i haust. 

Årdal FK og Ivan Øy. Foto: Arkiv

Ivan Øy og Årdal FK: Allereie frå før sesongstart hadde trenar Ivan Øy og karane som utgjer Årdal FK store planar for 2019-sesongen i kretsligaen. Øy sikta på opprykk og 3.divisjon, og etter ein utruleg sesong med toppskårar Truls Hovland i spissen vart draumen ein realitet. Etter at opprykket vart klart, takka Øy for seg.

Steinar Drægni, Ny senterleiar. Foto: Synne Asheim Haga

Steinar Drægni: Sidan 2014 har Steinar (67) gjennom sitt arbeid på frivilligsentralen i Årdal bidrege til at over 20 vanskelegstilte menn og kvinner har kome seg ut i arbeid. I 2019 takka han for seg i rolla, og gjekk ut i pensjon. Det vart ikkje heilt som planlagt, for i september tok han til i stillinga som senterleiar for Årdalsenteret.  

Agna Hollekve. Foto: Espen Solli/ TV 2

Agna Hollekve: I 2019 vart Agna Hollekve (47) eit kjent namn landet over, då ho dukka opp på TV-skjermen i realityprogrammet Farmen. I kampen om tilværet vart ho akutt sjuk med borreliose, ein sjukdom som smittar frå flåttbitt, rett før semifinalen. Som følgje av sjukdomen vart ho veldig dårleg, og lam i halve ansiktet. Ho gav seg ikkje, og etter berre nokre dagar var ho tilbake på garden og klarte å kjempa seg til ein respektabel tredjeplass. 

Arne Farestveit (til høgre). Foto: Halvor Farsund Storvik

Arne Farestveit: I 2019 har den 17 år gamle klatraren frå Sogndal lagt bak seg store prestasjonar. I november vann han sølv i nordisk meisterskap i ledklatring, og to helger før drog han i land gullet i under norgescupen i Bodø, begge i juniorklassen. I sommar persa han på ei såkall 9+-rute i den vidkjende Hanshelleren i Trøndelag. Berre to nordmenn før han har greidd å klatra ei så vanskeleg rute i så ung alder. 

Torunn Todal Laberg. Foto: Arkiv

Torunn Todal Laberg: Todal Laberg har utmerka seg innan reiseliv og næringsliv i 2019. Saman med Trine Marie Johansen og Yvonne Aga Romøren starta ho Sjefsdamer, eit gründernettverk for lokale kvinner. Todal Laberg, som er dagleg leiar for Bulder og Brak Opplevingar, har også stått fram og kjempa for reiselivet i Årdal. Under ein politisk paneldebatt i haust ba ho politikarane setje makt bak fine formuleringar.

GULLDUO: Vinbøndene på Slinde, Halldis Nedrebø og Bjørn Bergum. Foto: Halvor Farsund Storvik

Vinbøndene på Slinde: Halldis Nedrebø og Bjørn Bergum har i 2019 fått internasjonal merksemd etter at dei vart omtala i den prestisjefylte avisa Wall Street Journal i haust. I år vann dei óg tre gull for vinane sine.

VARSLARSAKA: Sogn barnevern. Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv

Varslarane i Sogn barnevern: Etter ein endelaus kamp vart 2019 året då varslarane i Sogn barnevern endeleg vart trudde. I oktober fekk politikarane i Sogndal rapporten som slo fast at ei rekkje tidlegare tilsette, som no har status som varslarar, vart trakasserte av leiarane sine. Fleire av varslarane har óg blitt utsette for gjengjelding fordi dei har varsla om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Det politiske etterspelet er enno ikkje avslutta, men for varslarane var det ei lette å lesa konklusjonane i rapporten.

Jørgen Tangen. Foto:  Halvor Farsund Storvik / Arkiv

Jørgen Tangen: Drifttalentet frå Kaupanger har har imponert med bilferdigheitene sine. 2019 er tredje året han stiller til konkurranse, og kom på ein solid 2.plass i Noregsmeisterskapet i drifting, berre tre poeng bak 1.plassen. 

Jørgen Christian Lindstrøm. Foto: Halvor Farsund Storvik

Jørgen Christian Lindstrøm: I 2019 opna Lindstrøm dørene til eit nyoppussa og moderne Quality Hotel Sogndal. Sidan planane vart lanserte i 2017, og omlag 200 millionar kroner seinare, har hotellet blitt Sogn og Fjordanes største hotell. Hotellet har dobla kapasiteten, samt gjennomført ei storsatsing på å bli eit konferansehotell.

Stem på Årets namn 2019
Sivert Mannsverk og Eirik Lereng
Ivan Øy og Årdal FK
Steinar Drægni
Agna Hollekve
Arne Farestveit
Torunn Todal Laberg
Vinbøndene på Slinde
Varslarane i Sogn barnevern
Jørgen Tangen
Jørgen Christian Lindstrøm
Til toppen