NOMINERTE: Monica Finden, Odd Einar Nordheim, Norsk Folkehjelp Årdal, Sivert Mannsverk og Trine LErum.
NOMINERTE: Monica Finden, Odd Einar Nordheim, Norsk Folkehjelp Årdal, Sivert Mannsverk og Trine LErum. (Foto: Arkiv)

Her er dei nominerte til «Årets namn» i Indre Sogn

Totalt åtte nominerte kan bli «Årets namn». Stem i skjemaet.

Indre Sogn: For andre år på rad kårar Porten.no «Årets namn», og du kan vera med å bestemma kven som vinn. Skjemaet er opent til 3. januar klokka 09:00. 

– Med «Årets namn» ynskjer me å gje ekstra merksemd til nokon som har utmerka seg i lokalmiljøet det siste året. Kanskje har dei gjort ein spesiell innsats lokalt, oppnådd gode prestasjonar, skapt debatt, stått i krevjande prosessar, eller har utmerka seg på andre måtar, seier redaktør og dagleg leiar Synne Haga.

Spesielt i koronaåret 2020, meiner Porten.no det er viktig å hylle viktige personar i regionen. 

Etter å ha høyrt på attendemeldingar frå lesarane og diskutert innad i redaksjonen har Porten.no laga ei liste med nominasjonar til «Årets namn» i Indre Sogn.

Fylgj denne linken for å stemme på den du meiner bør vinne! 

Sjå dei nominerte under. 

Trine Lerum Hjellhaug. Foto: ViteMeir

Trine Lerum Hjellhaug

I 12 år har ho vore administrerande leiar for fabrikken som er ein av dei viktigaste aktørane i næringslivet i Sogn, Lerum. I år tek ho permisjon, og då er det på tide å løfte ho opp og fram i lyset. Hjellhaug har vore langt meir enn sjef på Lerum, ho også har vore ein viktig stemme og ein eldsjel for kvinnefotballen i Sogn. I 2018 fekk ho prisen som årets kvinnelege leiar for rolla som leiar for Kaupanger IL. 

 

Sivert Mannsverk. Foto: Janne Merete Bøyum

Sivert Mannsverk

Sjølv om årdølen vart nominert i fjor òg, er det vanskeleg å utelate årets spelar for Obosligaen 2020 frå denne kåringa. Kapteinen og midtbane-eleganten har tidvis herja i 1. divisjon, og har bidrege sterkt til at opprykksdraumen til Sogndal kun er 90 minutter unna å verte realitet. Glømte me å nemne at han berre er 18 år? Han er berre 18 år!  

 

Odd Einar Nordheim. Foto: NRK presse

Odd Einar Nordheim

Odd Einar gjorde ein kjempeinnsats i Stjernekampen i haust, der han fekk mykje skryt av å vera ei skjult perle. Han nådde diverre ikkje opp på palleplassane, men han vann over fleire sjåarar heime både i heimbygda Årdal, og heile Norge.

 

Monica Finden. Foto: Privat

Monica Finden

I haust vart aurlendingen Christoffer Lysne Elgåen meldt sakna og heile lokalsamfunnet egasjerte seg i leiteaksjon. Ei av dei var Monica Finden, som starta ein innsamlingsaksjon til støtte for Aurland Røde Kors ved å selja sveler. Eit par dagar seinare hadde det blitt samla opp mot heile 145.000 kroner gjennom henna aksjon aleine, og ho klarte til slutt å samle inn over 300.000 kroner totalt. Aurland Røde Kors holdt søket gåande i fleire veker, både på land og i fjorden, noko hennar hjelp var med på å gjere mogeleg. 

 

Noksk Folkehjelp i Årdal. Foto: Arkiv

Norsk Folkehjelp i Årdal

Folkehjelpa i Årdal er tufta på iherdig dugnadsinnsats frå lokale heltar. Gruppa har mange forksjellige oppdrag, mellom anna redning, beredskap og sanitetsvakter. Førstehjelp, søk og redning og snøskred er hovudområdet. Alt arbeid vert gjort på frivillig basis for å halda sambygdingar og personar i området trygge.

 

Nina Kristine Holen Foto: Arkiv

Nina Kristine Holen

Etter nesten 20 år i yrket sa Nina Kristine Holen opp jobben sin som sjukepleiar i eldreomsorgen i Luster tidlegare i vinter. Ho meiner arbeidsforholda og arbeidsmengda til folk i yrket er urimelege, og brukte oppseiinga som ein mogelegheit til å uttale seg om forholda sjukepleiarar møter i yrket. Med seg på laget fekk ho leiar i Sjukepleiarforbundet, og med dette klarte ho å løfte fram ei særs viktig sak som rammar yrkesaktive i heile landet. 

 

  Foto: Aurland Røde Kors

Aurland Røde Kors

Då Christoffer Lysne Elgåen forsvann i oktober stilte Aurland Raude Kors opp med ein innsats og engasjement utan like. Fleire titalt frivillige leitte i vekesvis, og skapte enormt engasjement blant inbyggjarane i kommunen i form av blant anna Monica Finden si innsamlingsaksjon. Dei vert i tillegg omtala som ein organisasjon som er aktive, dyktige og engasjerte av lesarar frå kommunen som har uttala seg til Porten.no.

 

Kommuneoverlegene Kristine Longfellow, Frode Myklebust og Leiv Erik Husbø har fått ei stor arbeidsmengde etter mars. Foto: arkiv

Kommuneoverlegane

Kommuneoverlegane i heile Noreg har stått i ein særs hektisk og vanskeleg situasjon dette året, og ein har eksempel på fleire som har slutta i jobben på grunn av arbeidsmengda korona-pandemien har ført med seg. I Indre Sogn har dei derimot haldt seg i rolla og lagt ned eit imponerande arbeide med førebygging, kommunisering, og oppfølging av smittevern og testing. 

Til toppen