KLARE: Marte Jevnaker med Gullkar Vital (t.v.) og Laura Brons Nordgulen med Aniksdal Viljar under NM i Fjordhest 2016 i Førde. Foto: Jorunn Kristiansen
KLARE: Marte Jevnaker med Gullkar Vital (t.v.) og Laura Brons Nordgulen med Aniksdal Viljar under NM i Fjordhest 2016 i Førde. Foto: Jorunn Kristiansen

Her er dei på Fjordhest NM

Marte Jevnaker og Laura Brons Nordgulen deltek på Noregsmeisterskapen i Førde denne veka.

Årdal/Førde: – Det er første gong eg og Viljar deltek i NM. Me skal vera med på greinmeisterskap i dressur. Det har vore utruleg flott så langt, spesielt med opningsseremonien i går, seier Laura Brons Nordgulen.

Både ho og Marte Jevnaker rir for Tangen køyre- og rideklubb. Medan Brons Nordgulen er debutant i NM-samanheng og konsentrerer seg om greinmeisterskapen i dressur, har Jevnaker vore med før. Ho skal delta både i dressurkonkurransen og presisjonskøyring fredag.

Kvalifiserte seg på første forsøk

– Det kjem an på resultata i dag om me går til finalen eller trøystefinalen i morgon. I dressur går me gjennom eit program på ei bane og blir dømde av dommarar. Får me karakterar så me kjem over 60 prosent hamnar me i finalen, forklarar Brons Nordgulen.

DRESSUR: Brons Nordgulen og Aniksdal Viljar i aksjon.
DRESSUR: Brons Nordgulen og Aniksdal Viljar i aksjon.

At ho og hesten Aniksdal Viljar er i NM må seiast å vera ein prestasjon i seg sjølv.

– Eg kjøpte han i fjor. Me kvalifiserte oss hit på første forsøk, så det er ein veldig bra hest. Faktisk har me berre delteke på tre stemne tidlegare. Men det blir ingen NM-tittel, då må ein delta på alt. Denne gongen får me sjå om me klarar å kvalifisera oss til finalen.

Jubileum

Og det er ikkje kva som helst noregsmeisterskap i Fjordhest. Arrangementet går av stabelen på 30.året der det starta i 1986 - i Førde.

– Det er svært opplegg og mange dyktige med. Over hundre ekvipasjar deltek - frå heile landet, fortel Brons Nordgulen. 

Dei to damene som representerer Tangen køyre- og rideklubb er både konkurrentar og gode venninner. Dei har hestane sine i boks ved sidan av kvarandre - og felles trenar.

– Me må takka Hilde Nordby Mørkrid veldig mykje. Ho har hjelpt oss heile vegen og stilt opp i tide og utide, avsluttar Brons Nordgulen. 

 

Til toppen