NY FARSOTT: Pokémon tok av som ein farsott på 90-talet, då først i form av spelkort du skulle samle på. Eirik Kvam og Niko Miller frå Hafslo trur mobilspelet i same serie blir det neste store.
NY FARSOTT: Pokémon tok av som ein farsott på 90-talet, då først i form av spelkort du skulle samle på. Eirik Kvam og Niko Miller frå Hafslo trur mobilspelet i same serie blir det neste store.

Her er dei på pokémonjakt i Sogndal

Dagen etter at mobilspelet Pokémon GO vart lansert i Norge samla sogningane seg til jakt i Sogndal sentrum. – Omtrent som å vere på fisketur dette her, seier ein av dei.

Sogndal: Det var Niko Miller frå Hafslo som fekk idèen om å invitere til felles pokémonjakt i Sogndal.

– Eigentleg var det berre på tull for å visa ein kamerat at det gjekk an å få samla fleire enn femten folk. Så var det litt over hundre som var interesserte i det, seier Miller om gruppa han oppretta på Facebook.

Oppfordrar til uteaktivitet

Saman med kameraten Eirik Kvam var han ein av fleire som faktisk hadde møtt opp i lett duskregn søndag ettermiddag for å starte samlinga av dei virtuelle datamonstra.

Niko Miller seier spelet allereie er i ferd med å ta av, sjølv om det knapt har blitt lansert.

FØRSTE FANGST: Slik ser det ut når du kjem over ein Pokemon. Spelet går ut på å finne flest mogleg slike ved å leite rundt i den verkelege verda.
FØRSTE FANGST: Slik ser det ut når du kjem over ein Pokemon. Spelet går ut på å finne flest mogleg slike ved å leite rundt i den verkelege verda.

– Her om dagen såg eg tjue folk som sat attmed fontenen her og spelte det. Og det var for nokre dagar sidan, før det kom ut offisielt i Norge, seier han. 

Eit drøyt døgn etter at det vart tilgjengeleg er det allereie lasta ned over ti millionar gongar i Europa. Dei to kameratane trur løyndomen er at spelet representerer noko heilt nytt i dataverda: du er nøydd til å vere ute og du er nøydd til å flytte på deg for å spele.

– Det trur eg er bra, for då kan du møta andre folk og få litt frisk luft. Men det kan òg vere litt farleg, viss du ikkje følgjer med. Plutseleg så står du midt på vegen og blir påkøyrd av ein bil. Det er ikkje så hyggjeleg, seier Miller.

Far og son på jakt etter napp

Asle Hundere hadde møtt opp i parken saman med sonen Patrick for å spele.

– Det er omtrent som å vere på fisketur dette her. Når du nærmar deg ein slik sak som du skal fange, så ristar det litt i telefonen og du får eit lite kick: «yes, fangst!», seier han.

FELLES INTERESSE: Det er ganske vanleg at far og son går på fisketur saman. Men at dei går på pokémonjakt er den nye trenden.
FELLES INTERESSE: Det er ganske vanleg at far og son går på fisketur saman. Men at dei går på pokémonjakt er den nye trenden.

Hundere tykkjer Pokèmon GO er eit betre alternativ enn dei tradisjonelle spela.

– Det er godt ungane kjem seg ut, vekk frå gutterommet og ut på gata. Så får me håpa det ikkje fører til alt for mange uheldige situasjonar. Eg ser at ikkje alle som spelar følgjer så godt med kva som skjer rundt dei i trafikken, seier Hundere.

Sonen Patrik Hundere trur den verste hypen vil leggje seg etterkvart, men vil sjølv halde fram å spele ei god stund enno.

– Ja, det trur eg, fordi det får meg vekk frå PC'en, men det er eit spel likevel, seier han.

 

Til toppen