PÅ TOPPEN: F.v.: Kjetil Tveranger, Michael Smith (begge medlemmar av Yorkshire Ramblers club), Arne Johan Knudsen, Lars P. Bryne, Knut I. Tønsberg (Norsk Tindeklubb) og Erling Eggum på toppen av Store Skagastølstind på dagen 140 år etter at William Cecil Slingsby var første menneske på toppen. Privat foto
PÅ TOPPEN: F.v.: Kjetil Tveranger, Michael Smith (begge medlemmar av Yorkshire Ramblers club), Arne Johan Knudsen, Lars P. Bryne, Knut I. Tønsberg (Norsk Tindeklubb) og Erling Eggum på toppen av Store Skagastølstind på dagen 140 år etter at William Cecil Slingsby var første menneske på toppen. Privat foto

Her er dei på toppen 140 år etter Slingsby

Torsdag 21.juli 1876 besteig William Cecil Slingsby Storen som førstemann. 140 år etter gjekk Erling Eggum og fem andre på toppen som var viktig for det gryande reiselivet i Årdal.

Hurrungane/Årdal: – Me er to grupper. Den som eg er med i går frå Turtagrø og ligg over i Tindeklubbhytta før me går vidare til Bandet. Der møter me to andre som som har kome via Midtmaradalen. Så tek me oss opp til toppen i lag, seier Erling Eggum dagen før dagen.

21.juli 1876 fann den mest kjende tindebestigninga i Noreg stad. Engelskmannen William Cecil Slingsby tok seg opp på Store Skagastølstind (populært kalla Storen), 2405 meter over havet.

Det byrja i Årdal

Toppen var til då rekna som umogleg å koma opp på, og Slingsby gjennomførde også bragden åleine; dei to andre i klatrelaget, nordmennene Emanuel Mohn og Knut Lykken gav opp på vegen. Ferda var farefull også for Slingsby; usikra og med enkelt utstyr – naturlegvis utan å vita korleis ruta ville utarta seg – tok han seg heilberga opp og ned med spikerstøvlar på beina.    

– Me har med engelskmannen Michael Smith frå "The ramblers club" i Yorkshire, som Slingsby var medlem av og formann for ein periode. Så blir det Knut Tønsberg som leier an, han har vore på Storen 25 gonger før.

Turtagrø i Luster er nok mest kjend for tindesporten i Hurrungane. Men, det var i Årdal det heile byrja. 

– Det var borgarskapet midt på 1800-talet som oppdaga Jotunheimen, og då skulle ein helst først opp på ein eller annan tind. Dei kom roande inn Årdalsfjorden og hadde det som utgangspunkt. Etter kvart vart det mykje folk av det. Klingenberg og Vetti blei såleis etablert på denne turismen, fortel Eggum, som altså driv hotellet i dag.

Artikkelen held fram under biletet

RETUR: Dei seks på tur nedatt. Privat foto
RETUR: Dei seks på tur nedatt. Privat foto

Skreiv om Storenturen i gjesteboka på Klingenberg

Slingsby kom første gong til Klingenberg – som då var ein skysstasjon lokalisert om lag der Hydro på Årdalstangen ligg i dag – i 1872. Han blei då kjend med Jens Klingenberg, "Store-Jens".

Fleire gonger kom den kjende engelskmannen att, og utgangspunktet for turen til Storen i 1876 var Vormeli i Utladalen.

– Slingsby har skrive om turen til Storen i gjesteboka vår – meir eller mindre berre konstaterte at han hadde vore der. Boka ligg saman med ein del effektar og skisser på hotellet, fortel Eggum.

Det var sonen til "Store-Jens" – "Vesle-Jens" – som etablerte Klingenberg. "Vesle-Jens" vart ein erfaren tindebestigar og fjellførar. Han var med på den tredje bestigninga av Storen – i 1880 – saman med Slingsby sin største rival, nordmannen Johannes Heftye.  

Tindedisputt

Poenget med turen var at Heftye skulle bevisa at Storen ikkje var rare fjellet å klatra – i 1875 gjekk han sjølv på Store Knutsholstind i Vågå som førstemann. Denne førstebestigninga kom i skuggen då Slingsby besteig Storen året etter, og slikt kunne ikkje Heftye lata gå upåakta hen.

Og under turen til Storen med "Vesle-Jens" var han nok litt heldig ettersom han eigentleg skulle gå same ruta som Slingsby, men tok feil og gjekk det som for ettertida vart heitande "Heftyes renne" og i dag er normalruta til topps. Moglegvis eit snev overdrive skreiv Heftye i ei bok han gav ut året etter:

"… ein kvar på dette felt kompetent dommar vil sjå det som bevist at Store Skagastølstind i høve kor vanskeleg den er å bestiga, er ein topp av andre rang."

No var ikkje Slingsby så mykje betre og skulle visa at Store Knutsholstind var eit enkelt fjell. Måten å gjera det på var å ta med seg ei kvinne til topps, Marie Sølfestsdatter – ei seterjente ved Gjendebu. Slingsby hevda også at han ikkje tok seg føre med hendene heile turen. Men det er ei anna soge.

RUTA: På veg inn Midtmaradalen, som også Slingsby gjekk gjennom i 1876. Privat foto
RUTA: På veg inn Midtmaradalen, som også Slingsby gjekk gjennom i 1876. Privat foto

Vil vera først i køen

– Skysstasjonen Klingenberg var eit gardshus som vart flytta ned frå Hæreid. Rundt overgangen til 1900-talet vart dette bytt ut med eit sveitsarhus. Mange storheiter vitja Klingenberg, mellom andre Nansen og Grieg – også fleire andre dei som er spissa kulturelt kjenner att namna på. Og me har framleis kontakt med etterkommarane av Slingsby.

Då Porten snakka med Eggum onsdag ettermiddag sat han ved Tindeklubbhytta i Skagastølsdalen og venta på resten av laget. 

– Vêret ser kjempefint ut no. Eg kom litt tidleg opp og har teke meg ein liten runde rundt her.

– Har du vore på Storen før?

– Ei gong for ti-femten år sidan. Eg vart utfordra av Jan Schwarzott (forfattar av mellom anna boka "Under Storen", red. anm.) som gjorde oss merksame på ein del av historien til Klingenberg me ikkje kjende til.

– Det er jo ein krevjande tur – kjem de opp, trur du?

– Me får håpa det. Planen er å starta tidleg så me er først i køen.

– Kor tidleg?

– Det har eg fått beskjed om å ikkje seia til nokon, for elles er det visst slik at ein eller annan kan koma på å starta enno tidlegare for å vera før oss, humrar Eggum.

Les korleis turen gjekk og meir inngåande om Slingsby på Porten søndag.

Til toppen