PÅ VEG TIL SOGN: Søndag gjekk dei første stålseksjonane ut frå verftet i Polen. Den siste tida har støypearbeidet gått på høggir for å få alt klart til stålkonstruksjonane kjem inn Sognefjorden. Foto: Terje Ask/Statens vegvesen.
PÅ VEG TIL SOGN: Søndag gjekk dei første stålseksjonane ut frå verftet i Polen. Den siste tida har støypearbeidet gått på høggir for å få alt klart til stålkonstruksjonane kjem inn Sognefjorden. Foto: Terje Ask/Statens vegvesen.

Her er den nye brua på veg til Sogn

Snart vil ein kunne sjå formen på den nye Loftesnesbrua med eigne auge.

Sogndal: Søndag gjekk dei første stålseksjonane ut frå verftet i Polen. Den siste tida har støypearbeidet gått på høggir for å få alt klart til stålkonstruksjonane kjem inn Sognefjorden.

NOKO ANNA: Prosjektleiar Gunnar Solbakken seier det blir noko anna å sjå den brua i levande live. 
NOKO ANNA: Prosjektleiar Gunnar Solbakken seier det blir noko anna å sjå den brua i levande live. 

– Det nærmar seg montering av den nye brua, og me gler oss til å sjå korleis det vil sjå ut når sidespenn og hovudboge kjem på plass. Me har sett teikningar og illustrasjonar, men det blir noko anna å sjå det i levande live, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken på rv5. Loftesnesbrui i ei pressemelding.

Tidlegare denne veka vart det siste av støypearbeidet gjort ferdig slik at strukturen som skal bere den nye brua er klar.

Vert frakta kystvegen til Sogn

Fredag kveld vart det siste av dei to sidespenn løfta over på lekter på verftet i Stettin i Polen, og dei to seksjonane på 430 tonn kvar skal fraktast sjøvegen opp over Skagerak, vidare langs Norskekysten og inn Sognefjorden.

Lekteren gjekk ut frå Polen søndag føremiddag, rundt klokka 12.00. Samstundes er hovudspennet i ferd med å bli klart, og det vil gå ut frå Polen på eigen lekter få dagar etter sidespenna.

Artikkelen held fram under biletet.

 BRUBOGE: Bruboga er no ferdig overflatebehandla, og stengene frå boga og ned er festa. 
 BRUBOGE: Bruboga er no ferdig overflatebehandla, og stengene frå boga og ned er festa. 

– Entreprenør Porr har planlagt å heise sidespenna på plass i veke 5, og då går det slag i slag med montering til nye brua er oppe, seier Solbakken.

Trafikk på brua mot slutten av året

Når dei store støypejobbane er avslutta, startar arbeidet med vingemurar på landkar mot Sogndal og fundament til rundkøyringa på Nestangen. På Loftesnes pågår det arbeid med støyskjermar ved fjordhyttene.

– Det er mykje som skal gjerast før me kan sette trafikk på brua. Sjølv om hovudstrukturen kjem opp no snart, er det ein svær jobb som står att, seier Gunnar Solbakken.

Etter planen skal trafikken over på ny bru i månadsskiftet november/desember, og heile prosjektet, inklusive riving av gamlebrua, skal vere gjennomført i løpet av sommaren 2018.

Til toppen