NY JOBB OG NY BYGD: Martin Hammer kjem frå Ekne i Trøndelag for å ta over ansvaret for Fjellsportfestivalen i Sogndal.
NY JOBB OG NY BYGD: Martin Hammer kjem frå Ekne i Trøndelag for å ta over ansvaret for Fjellsportfestivalen i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her er den nye sjefen for Fjellsportfestivalen

Han har både NM-gull og VM-gull på merittlista. No jagar han nye høgdepunkt etter idrettskarriera, som nyinnflytt sogndøl.

Sogndal: Takka vera ei stillingsannonse på finn.no enda trønderen Martin Hammer opp i Sogndal.

– Eg synst det er ein heilt nydeleg plass, i allefall for ein med mine interessar. Naturen rundt her er jo fantastisk, seier Hammer, som kom til bygda i mai.

Jobben hans er å vera sjef for Fjellsportfestivalen medan Ragnhild Fagerslett er ute i permisjon. Det er ei utfordring han ser fram til.

– Eg har inntrykk av at Fjellsportfestivalen betyr mykje for mange i Sogndal, og at folk er veldig villige til å stilla opp for han. Det trur eg blir veldig greitt for ein som er både ny i bygda og i denne jobben, seier han.

Solid langrennsløpar

HØGDEPUNKTET: I 2010 fekk Martin Hammer testa seg mot verdseliten då han fekk gå verdscupen i sprint i Holmenkollen. Foto: Privat

32-åringen kjem frå Ekne i trønderkommunen Levanger, og var langrennsløpar i mange år før han la opp i 2015.

– Det har vore ein stor del av livet mitt, seier Hammer.

Høgdepunktet individuelt var då han fekk gå prøve-VM i Holmenkollen i 2010. Der tok han ein 17.-plass i sprinten, to plassar foran den komande sprintkongen Federico Pellegrino.

Det beste resultatet er nok NM-gullet han tok på lagsprinten saman med Eldar Rønning i 2014. Året før tok han VM-gull på rulleski, utan at han set det like høgt.

– Tittelen er eg veldig nøgd med, men det kom litt tilfeldig. Eg hadde ikkje jobba særleg for det, og då var det liksom ikkje like stas, seier Hammer.

Frå flatt til bratt

Etter at han la opp som langrennsløpar har interessa dreidd seg over mot brattare friluftsliv, som stisykling og skikøyring.

– Meir nedover enn bortover, seier Hammer, som har skjønt at det er interessar som går godt i hop med geografien i Sogn.

 – Eg har høyrt det var ein fantastisk vinter no sist, så eg har store forventningar til snøforholda, seier han.

Kontorplass har han fått i det nye innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus, saman med dei andre gründerbedriftene der. Sjølv om det er midt på sommaren har han allereie hendene fulle. Tida fram til festivalen kan han trenge. Hammer har nemleg aldri vore der sjølv som deltakar.

– For min del handlar det om å få grep om kva Fjellsportfestivalen er for noko, og å stabla eit godt festivalteam på beina. Så får me jobba saman mot å skapa ein god festival i 2019 òg, seier Hammer.

Til toppen