DEN VIKTIGASTE KOMPONENTEN: Spelepulten gjev lyd til det nye orgelet med førti stemmer. I dag står den på fabrikken i Nederland og ventar på klaviatur og andre komponentar før den kjem til Sogndal for montering. Går alt som planlagt er den speleklar til påske.
DEN VIKTIGASTE KOMPONENTEN: Spelepulten gjev lyd til det nye orgelet med førti stemmer. I dag står den på fabrikken i Nederland og ventar på klaviatur og andre komponentar før den kjem til Sogndal for montering. Går alt som planlagt er den speleklar til påske. (Orgelmakerij Steendam)

Her er den nye spelepulten til Stedje kyrkje

Får konsertorgel. – I og med at det er eit moderne datastyrt registreringssystem, er talet på klangkombinasjonar nærmast uendeleg, seier kantor Arild Slinde til Porten.no.

MONTERINGSKLART: Det  tyske firmaet Otto Heuss Orgelteile skal levera knappar og andre instrument til spelepulten.  Bilde: Orgelmakerij Steendam

Sogndal: Tidlegare i vinter var den nederlandske orgelbyggjaren Sicco Stendam i Sogndal for å monterte det nye orgelhuset, som skal gje kyrkjegjengarane god klang og reine tonar. 

Han sa då at han hadde laga orgel i førti år, men aldri eit som dette: – Det er eit stort orgel, det største eg nokon gong har laga

Stendam seier til Porten.no at spelepulten no er halvferdig, og har sendt bilete av korleis den ser ut på fabrikken i Nederland.

Før den vert heilt klar må det monterast klaviatur, knappar og elektronikk. 

Lyd i pipene til påske

Spelepulten som no er halvferdig får klaviatur og elektronikk frå det tyske firmaet Otto Heuss Orgelteile. Monteringa av desse komponentene skal etter planen skje i byrjinga av februar.

Jorunn Merete Haukås-Eide som er kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger seier til Porten.no at dei håpar at orgelet, med førti stemmer, er klart til bruk til påske.

Når spelepulten er montert kjem Stendam attende til Sogndal og byrjar arbeidet med ein lang inntoningsprosess, der klangen i kvar pipe vert tilpassa rommet i kyrkja, og til dei andre pipene i orgelet.

Kantor Arild Slinde seier til Porten.no at det i spelepulten er eit moderne datastyrt registreringssystem, og at talet på klangkombinasjonar vil vera nærmast uendeleg. Det vil også vera høve til å programmere og lagre, og har såleis mange mulegheiter. 

I følgje Haukås-Eide kostar spelepulten aleine kring 800 000 kroner.

Til toppen