Leikanger: I 16 av kommunane i fylket går arbeidsløysa ned det siste året, i tre er den uendra, medan i sju kommunar aukar den. Fire av dei ligg i Sogn (sjå tabellen nedst i saka).
Sogndal og Vik har størst nedgang i Sogn, henhaldsvis 26 og 27 prosent.
Størst er oppgangen i Leikanger, men sjølv om auken er på 140 prosent, har talet langtidsledige berre auka med sju personar. Arbeidsløysa på 1,0 prosent er òg under snittet i Sogn og Fjordane på 1,3 prosent, som er beste fylket i landet.
Ved utgangen av november var det 784 heilt ledige i fylket. Det er 128 færre enn for eitt år sidan, ein reduksjon på 14 prosent.
– Auka bruk av arbeidsmarknadstiltak og få permitterte bidreg til den positive utviklinga, men Me har òg ein generelt god arbeidsmarknad og kan gleda oss over at resten av Vestlandet har solid nedgang i arbeidsløysa etter ein tung periode som følgje av oljekrisa, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.
På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 18 prosent frå same månad i fjor. Det er no 64 216 heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent av arbeidsstyrken.
Samanlikna med november i fjor, har arbeidsløysa gått ned i alle næringsgrupper, sett bort frå butikk- og salsarbeid og serviceyrke. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 61 færre ledige og reiseliv og transport med 24 færre. I industrien er det no berre 154 heilt ledige, noko som til dels skuldast låge permitteringstal.
Så mange arbeidsledige er det i Sogn:
Kommunar | Tal | Prosent av arbeidsstyrken | Endring frå i fjor i tal | Endring frå i fjor i prosent |
Vik | 11 | 0,8 | -4 | -27 |
Balestrand | 20 | 2,8 | 3 | 18 |
Leikanger | 12 | 1,0 | 7 | 140 |
Sogndal | 39 | 0,9 | -14 | -26 |
Aurland | 15 | 1,5 | 4 | 36 |
Lærdal | 14 | 1,2 | 1 | 8 |
Årdal | 36 | 1,3 | 0 | 0 |
Luster | 28 | 1,0 | -2 | -7 |