STORM: Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel der dei åtvara mot storm på kysten og i fjellet. På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
STORM: Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel der dei åtvara mot storm på kysten og i fjellet. På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Her er det innført kolonnekøyring

Vinden gir utfordringar på fjellovergangane. 

Årdal/Lærdal: Meteorologisk institutt sendte måndag ut obs-varsel der dei åtvara om storm på kysten og i fjellet. 

Dette har no ført til at det er innført kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Det meldte Statens vegvesen like før 14.00 tysdag. Kolonnekøyringa gjeld inntil vidare.

Slik er også stoda på fylkesveg 50 Hol-Aurland, men E16 Filefjell og fylkesveg 53 Årdal-Tyin er begge opne for fri ferdsle tysdag ettermiddag.

Til toppen