TREFF: Kvar tysdag gjennom sommaren skal bilinteresserte treffast på Tya Bakeri for å drikke kaffi og snakke bil. På biletet ser du Anniken Teigen og Oddvin Kulsli. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TREFF: Kvar tysdag gjennom sommaren skal bilinteresserte treffast på Tya Bakeri for å drikke kaffi og snakke bil. På biletet ser du Anniken Teigen og Oddvin Kulsli. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her er det kaffi og bilar som gjeld

Amcar-klubben i Årdal girer opp og satsar på bilar og kaffi.

Øvre Årdal: Konseptet «Cars and coffee» er noko som foregår over heile verda og er ein trend frå USA. Konseptet er enkelt: Ein møtest for å drikke kaffi og snakke bil.

– Eg veit ikkje om det er arrangert i Årdal før, så eg og Roald (Nilsen journ. anm.) køyrde i gong for å prøve og få til noko nytt. Så då måtte me finne ein stad det var plass til oss sidan bilane tar litt plass, og her stilte dei seg positive, fortel Oddvin Kulsli.

Han står utanfor Tya Bakeri, og langs gågata står det fleire klassikarar parkert.

Skapar liv på torget

Amcar Årdal har fått godkjenning frå Årdal kommune til å parkere i gågata og på plenen til dette føremålet kvar tysdag gjennom heile sommaren. 

– Viss du ser på torget heile vinteren, så er det heilt daudt. Dette blir ein pangstart på våren. Det trekkjer folk, og folk stoppar opp og lurer på kva som skjer. Det sånn det skal vera, seier Jan Rasmussen i Tya Bakeri.

Sosialt

Treffet er ikkje berre for folk med gamle amerikanarar, men også personar som har veteranbilar eller motorsykkel. Fellesnemnaren er motor. 

– Me møtest og snakkar litt, og me pratar mykje om bil, og så drikk me kaffi. Så blir det litt skrøner om kven som har størst og flottast bil. Nei då, det er ganske lite konkurranse og mest sosialt samvere me er ute etter, smiler Kulsli. 

Amcar-klubben i Årdal har i dag rundt 50 medlemmar, fortel han, og dei har eit bra miljø med klubbkveldar kvar torsdag på Årdalstangen. Tysdag var 12-13 køyretøy samla i gågata.

– Planen er å halde fram med dette til hausten. Det blir sikkert litt ymse oppmøte, men me håpar på dobbelt så mange neste gong. Om sommaren er det også ein del treff me reiser land og strand for å delta på. 

Til toppen