OPE: Vegstrekka mellom Øvre Årdal og Holsbru på Fv53 er no open for fri ferdsel.
OPE: Vegstrekka mellom Øvre Årdal og Holsbru på Fv53 er no open for fri ferdsel. (Foto: Sunniva Knutsen)

Her er det no fri ferdsel fram til august

Vegarbeidet ved Ljoteli tek sommarferie.

Årdal: Sidan oppstart i slutten av april har det vore periodevis stengd på fylkesveg 53 i Årdal. 

Bilistar og reisande har måtte smøra seg med tolmod og har kun hatt høve til å passera på utvalde tidspunkt i vekedagane måndag t.o.m fredag. 

Frå og med fredag 12.juli tek derimot vegarbeidet sommarferie, og det er no opna for fri ferdsel på strekka. 

Statens vegvesen startar opp att arbeidet 5. august, melder Årdal kommune på sine nettstader. 

Til toppen