Seimsdalen: Frå og med tysdag 4. juli til 21. juli vil Seimsdalstunnelen i Årdal vere stengt på grunn av vegarbeid.
Statens vegvesen skal montere eit rasfanggjere på vestsida av Seimsdalstunnelen som erstatning for det eksisterande. I tillegg skal fjellet sikrast med boltar.
Det er montering av nett og resten av boltesikringa som no vert gjennomført.
Vegen er open kvar heile og halve time. Arbeidet pågår på vekedagane frå 08.00 til 21.00, opplyser Vegvesenet. Når vegen er stengt, vil han også vere stengt for gåande, men utrykningskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.