Her er det stengt for vinteren

Her er det stengt for vinteren

To fjellovergangar i Indre Sogn vil ikkje opna att før til våren.

Årdal/Aurland/Lærdal: Tindevegen frå Øvre Årdal til Turtagrø er no stengt for vinteren. Det stadfester Frank Eldegard i Tindevegen AS for Porten.

Statens Vegvesen melder at også fylkesveg 243 Aurlandsfjellet er vinterstengt. Vegen har vore mykje stengt i oktober, og no vil den altså ikkje opna att før vintersesongen er over.

Som kjent er dette først og fremst ein turistveg. 

Til toppen