KOLONNE: Fv. 50 Hol - Aurland. Foto: Skjermdump frå Statens Vegvesen sine webkamera

Her er det stengt

Fv. 50 Hol - Aurland stengde seint tordsdg kveld,opna att fredag morgon, før det vart kolonne fredag ettermiddag. Fv. 53 Årdal - Tyin stengde natt til fredag.

Indre Sogn: Fv. 53 er framleis stengd fredag ettermiddag, og meteorologisk institutt har sendt ut varsel om vanskelege køyretilhøve på fjellovergangane i heile sør-Noreg fredag grunna snø og sterk vind i høgden.

På fv. 50 Aurland - Hol vart det innført kolonnekøyring fredag ettermiddag, første kolonne skulle gå frå Nilsegard klokka 1530.

På rv. 52 Hemsedalsfjellet melder også Vegvesenet at kolonnekøyring kan innførast på kort varsel, her er detliten kuling og lette snøbyger fredag ettermiddag.

På E16 Filefjell er det stort sett bart og vått og lett bris.

Til toppen