LUKSUS: Lærdal var Sahid Kahn, eigaren av Fulham FC, på plass i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.
LUKSUS: Lærdal var Sahid Kahn, eigaren av Fulham FC, på plass i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.

Her er eigaren av Fulham FC i Lærdal

Lærdølene har storfint besøk torsdag.

Lærdal: Torsdag var den luksuriøse båten «Kismet» å sjå i Lærdalsfjorden. Eigaren av yachten heiter Shahid Khan.

Kahn er også eigar av fotballklubben Fulham Football Club frå London. Etter det Porten.no kjenner til er milliardæren på plass i Lærdal for å fiske i Lærdalselvi.

Ifølgje Wikipedia er Kahn ein pakistans-amerikansk forretningsmann som i tillegg til å eige Fulham også eig Jacksonville Jaguars, eit amerikansk NFL-lag, samt bildelfabrikken Flex-N-Gate. 

I mars 2016 var Kahn rangert på 84. plass på Forbes si liste over dei 400 rikaste amerikanarane. På verdsbasis er han den 360. rikaste personen.

Tips oss på telefon eller SMS til 480 13 131 eller send e-post til tips@porten.no.

FISKETUR: Etter det porten.no kjenner til skal Kahn mellom anna prøve fiskelykka i Lærdalselvi.
FISKETUR: Etter det porten.no kjenner til skal Kahn mellom anna prøve fiskelykka i Lærdalselvi.
Til toppen