Påskequiz: Vår uhøgtidelege påskequiz viste seg å vera ei tøff nøtt for fleire av dykk. Den som greidde flest svar var Margrete Oline Horge frå Lærdal, med imponerande 17 av 20 poeng. Ho får eit PåskeFlax-lodd tilsendt i posten.
Her får du spørsmåla og fasiten, viss du har nokon å testa dei på.
Fasit:
Sport:
- Nemn fem spelarar som har forlate Sogndal sidan nedrykket i fjor var eit faktum?
Svar: Taijo Teniste, Gilbert Koomson, Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Chidiebere Nwakali, Christophe Psyche, Kjetil Wæhler, Bjørn Inge Utvik, Bendik Bye, Simen Brekkhus. - Nemn tre spelarar på Årdal FK som alle har tatovering på underarmen?
Svar: Marius Loftheim, Truls Hovland, Christian Stedje, Johnny Aspeseter. - Kva heiter klubben i Toppserien som noverande leiar i Kaupanger Fotball har spelt for?
Svar: Trondheims-Ørn - Kva heiter trenaren til Jotun/Årdalstangen sitt handballag for kvinner?
Svar: Lene Høsøien - Nemn fem spelarar frå Indre Sogn som står registrert med èin eller fleire landskampar for herrelandslaget i fotball.
Svar: Eirik Bakke, Anders Stadheim, Tommy Øren, Lasse Opseth, Terje Skjeldestad.
Kultur:
- Kva band frå Trondheim skal opna Målrock i år?
Svar: Her hadde quizmakarane anten gjort dårleg research, eller så var det eit lurespørsmål. Sanninga er at opningskonserten ikkje er annonsert enno. - Dei syng på skånsk og skal spela i Fresvik denne sommaren. Kva heiter bandet?
Svar: Bob Hund. - Ho kjem frå Årdal, har vore med i eit musikalsk realityshow og skal spela på ein rockete potetfestival i Lærdal denne sommaren. Kven tenkjer me på?
Svar: Frida Hunshammer. - I Årdal har dei importert ein populær trend frå Bergen, nemleg å kombinera barbesøk med dette tradisjonelle handarbeidet. Viss me seier at det rimar på drikking, greier du då å gjetta kva det er?
Svar: Strikking. - Kva heiter årdølen som denne våren er aktuell med si tredje diktsamling, men som er mest kjent for musikken han lagar?
Svar: Karl Seglem.
Næringsliv:
- Dette ordet blir både brukt om eit transportmiddel under jorda og er namnet på ein spisestad i Sogndal. Kva ord skal me fram til?
Svar: Subway. - Kva heiter Lerum-produktet som sel for over hundre millionar i året, men som likevel ikkje har Lerum-logoen på etiketten, ei heller eksisterer på heimesida til verksemda?
Svar: ZERoh - Denne bedrifta held til på Årdalstangen og har tenkt å tidobla produksjonen av noko som kan høyrast ut som vaflar, men som i realiteten er langt grønare og meir høgteknologisk. Kva heiter bedrifta?
Svar: Norsun - Kva selskap var i fjor det beste og raskast veksande i Sogn, ifølgje ei «gaselle»-kåring av Dagens Næringsliv?
Svar: Flåm AS - Kva heiter den elektriske passasjerbåten som frå mai i år etter planen skal gå i rute frå Gudvangen til Flåm?
Svar: Future of the Fjords
Lett blanding:
- Bonden frå Lærdal er den siste attverande i sitt slag i Sogn, men er no trua med nedlegging etter at regjeringa har føreslått å forby levebrødet hans. Kva driv denne bonden med?
Svar: Pelsdyroppdrett - Ein bilentusiast frå Lærdal var blant dei femten første i Sogn som skaffa seg personleg bilskilt i sommar. Kva heiter produsenten av det italiensk fartsvidunderet han bestilte det til?
Svar: Lamborghini - Mannen som har fått ansvaret for å lyssetta Loftesnesbrui har eit anna langstrakt byggverk frå Sogn på CV-en. Kva heiter det?
Svar: Lærdalstunnelen. - Kva er det høgaste fjellet i kvar av kommunane Årdal, Sogndal, Lærdal og Aurland?
Svar: Store Skagastølstind, Suphellenipa, Høgeloft og Blåskavlen. - Kva kommune i Indre Sogn auka mest og minka mest i folketal (i tal personar, ikkje i prosent) frå 2017 til 2018?
Svar: Sogndal auka mest og Årdal minka mest. - Kva heiter denne flåtte representant for friluftsfolket, som i sommar er programleiar når NRK skal laga minutt for minutt-TV frå mellom anna Jotunheimen og Utladalen?
Svar: Lars Monsen.