NY ORGANISERING: Talet tilsette i Statens vegvesen skal kuttast. Det same skal talet trafikkstasjonar. Fylkeskommunane får ansvaret for fylkesvegane.
NY ORGANISERING: Talet tilsette i Statens vegvesen skal kuttast. Det same skal talet trafikkstasjonar. Fylkeskommunane får ansvaret for fylkesvegane. (Foto: Statens vegvesen / Pressefoto)

Omorganisering av vegvesenet: kutt itilsette fram mot 2024

Ansvaret for store vegutbyggingar blir flytta frå Leikanger til Bergen. Trafikkstasjonen i Sogndal blir lagt ned. Les resten av forslaga i rapporten her.

Leikanger: Det kjem fram i forslaget til framtidig organisering av vegvensenet, som den konstituerte vegdirektøren måndag leverte til samferdselsdepartementet. På Leikanger var dei tilsette samla til allmøte då nyheita kom.

Talet tilsette på landsbasis skal kuttast frå rundt 7 000 til 4 500, mellom anna ved å effektivisera og ved å flytta ansvaret for fylkesvegane til fylkeskommunane.

– Statens vegvesen skal no bli ein meir effektiv organisasjon. Me skal frå 2020 ikkje lenger administrera fylkesvegar, og me skal samstundes fornya og effektivisera vår eigen organisasjon og oppgåveløysing, seier konstituert vegdirektør Bjørne Grimsrud i ei pressemelding.

Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger reagerer sterkt på at Leikanger-kontoret mistar ansvaret dei har hatt for store utbyggingsprosjekt til Bergen.

– Avskiltinga av Leikanger i vegsamanheng står til stryk. Eg kan nesten ikkje tru at regjeringa vil legga denne innstillinga til grunn. No må Leikanger setja si lit til at stortingsfleirtalet held løfta sine frå tvangssamanslåinga av kommunen vår, skriv han på Facebook.

Heller ikkje Liv Signe Navarsete er imponert:

– Nok eit sentraliseringsvedtak frå regjeringa: divisjonane i Statens vegvesen skal styrast frå dei store byane, skriv ho.

Her er utdrag frå forslaget:

Seks nye divisjonar vert oppretta, og ei rekke oppgåver frå vegdirektoratet i Oslo vert flytta til desse divisjonane. Leiinga av divisjonane vert føreslått plasserte i Tromsø (vegdivisjonen), Trondheim (transport og samfunn), Bergen (utbygging), Arendal (trafikant og køyretøy), Drammen (IT), Moss (fellesfunksjonar).

Det blir oppretta fem regionale sentrum der det i dag er regionvegkontor, mellom anna på Leikanger. 22 av dagens 74 trafikkstasjonar vert lagde ned, mellom anna i Sogndal.

Enkelte kontorstadar vert avvikla når tilsette på desse stadane går over til fylkeskommunen som følgje av regionreforma.

Rundt 270 av dagens arbeidsplassar i Oslo vert flytta ut frå hovudstaden.

Rundt 1 850 tilsette vert overførte frå Statens vegvesen til fylkeskommunane som følgje av regionreforma. Det er rundt 6 800 tilsette i Vegvesenet i dag.

Satsar på sjølvhjelp

Generelle krav til effektivisering av organisasjonen vil føra til ein ytterlegare nedgang i talet på tilsette fram mot 2024. 

– Medan dagens struktur er basert på ein etat med over 7 000 tilsette, må den framtidige strukturen vera tilpassa eit vegvesen på om lag 4 500 tilsette. Vår strategi er å redusera og slå saman lokasjonar som ligg geografisk nære kvarandre, og å utnytta dei stadane me er på i dag, seier Grimsrud.

Statens vegvesen har dei siste åra utvikla ei rekke sjølvhjelpsløysingar, som gjer at du sjeldnare treng å ta turen fysisk innom ein trafikkstasjon. Denne utviklinga vil forsterka seg i åra framover, skriv vegvesenet.

– Jobben med å utvikla nye, smarte, digitale løysingar held fram med endå større tyngde i ny organisasjon. Samstundes kan me no vri ressursar frå skrankane slik at me kan gje trafikantar endå betre opplæring, og gjennomføra endå fleire livsviktige kontrollar langs vegane, seier Grimsrud.

Til toppen