HAR SAGT SITT: Fire nye storkommunar i fylket er fasiten.
HAR SAGT SITT: Fire nye storkommunar i fylket er fasiten. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her er forslaget til ny storkommune i Sogn​

Balestrand, Leikanger og Sogndal blir èin kommune frå 2020, om fylkesmann Anne Karin Hamre får det som ho vil.

Leikanger: Fylkesmannen føreslår fire nye storkommunar i Sogn og Fjordane, men oppmodar fleire til å komme etter. Blant dei som blir oppmoda om å jobba vidare med reforma er kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

Dei fire storkommunane Anne Karin Hamre føreslår er i Sunnfjord (Førde, Naustdal, Gaular og Jølster), i Indre Nordfjord og Søre Sunnmøre (Volda og Hornindal), i Sogn (Balestrand, Leikanger og Sogndal) og Ytre Sunnfjord (Vågsøy og Selje).

– Nokon vil hevde vårt forslag er mangel på respekt for folkestyret. Andre vil seie at vi har vore for pinglete. Til dei siste vil eg minne om Stortinget sitt utgangspunkt, som er at samanslåingane skal vere frivillige. Men så kan det gjerast unnatak utifrå regionale omsyn, sa fylkesmann Hamre då ho la fram forslaget.

Kan få fire nye kommunar

Det er kommunal- og moderniseringsdepartementet som har gitt fylkesmennene i oppdrag å gi ei tilråding om framtidig kommunestruktur i fylket. Fylkesmennene skal òg peike på eventuelle grenseendringar som kan inngå i reforma. 

I Sunnfjord har kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster sjølve vedteke å slå seg saman. I Indre Nordfjord og Søre Sunnmøre har kommunane Hornindal og Volda gjort det same. Fylkesmannen støttar desse konklusjonane og tilrår at dei vert nye kommunar frå 2020.

To andre samanslåingsprosjekt gjekk ikkje i boks, det gjeld dei nemnde kommunane i Sogn, Balestrand, Leikanger og Sogndal, samt Vågsøy og Selje i Ytre Nordfjord. Her vart manglande støtte i folkerøystingane avgjerande for at forhandlingane stranda.

Fylkesmannen tilrår likevel samanslåing av desse ut frå ei fagleg vurdering, målsettinga med reforma, kriteria for god kommunestruktur og regjeringa og Stortinget sine føringar for reforma.

Fleire kan komme etter

Det er opna for at kommunar som melder seg på med vedtak om samanslåing i løpet av 2017, også kan få nyte godt av dei økonomiske verkemidla i denne reforma.

Fylkesmannnen ser føre seg at desse samanslåingane kan vere aktuelle framover:

Luster og den nye kommunen i Sogn
Eid, Gloppen og Stryn
Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Solund
Flora og Bremanger, alternativt at Flora søkjer mot den nye kommunen i Sunnfjord og Bremanger mot den nye kommunen i Ytre Nordfjord  
Årdal, Lærdal og Aurland
Vik og Voss, alternativt at Vik søkjer mot den nye kommunen i Sogn
Høyanger bør sjå til naboane, avhengig av kva veg dei vel
Gulen og Masfjorden, og på lengre sikt saman med fleire kommunar i Nord-Hordaland

Til toppen