MOTIVERT GJENG: Dei er stort sett nye og føler dei trivst på jobb. Då er det tungt at alle skal ha meiningar om arbeidsplassen. Frå venstre: Elmer Sjøvoll (økonomi), Kristin M. Kastet, Ingelin Sæbø, Sonja Smedegård, Hildur Irene Vatlestad, Sigrun Brosvik, Ingunn Breili, Hilde Kristin Foss, Hadle Blikra (tenesteleiar), Karina Flåten, Randi Svidal og Marianne Beheim Sønnesyn. Fagleiar Elin Pettersen Tysse var oppteken då biletet vart tatt.

Her er gjengen som skal gjenreise tilliten til barnevernet

Sjølv om det stormar rundt barnevernet er denne gjengen fast bestemte på å snu inntrykket folk har danna seg.

Sogndal: Dei du ser på biletet utgjer i dag Sogn barnevern. Ni av dei har jobba der i mindre enn eitt år. Likevel er det denne gjengen som har ansvaret for å ta tenesta ut av ei turbulent tid, der tenesta har vore under lupa, merksemda frå media har vore stor og nabokommunane har trua med å trekkje seg ut.

Det er eit ansvar dei tek med glød og energi, seier sosionom Randi Svidal.

– Me har fokus på faget og den jobben me skal gjera. På sikt vil det gje resultat, seier ho.

Les også: No skal dei endeleg få fram svara alle ventar på

LYDHØYRE: Politikarane i formannskapet fekk ei omvising hos Sogn barnevern og fekk samstundes høyre korleis dei tilsette opplever at dei har det på jobb. Frå venstre: Christen Knagenhjelm (V), Kjetil Kvåle (Ap), Senea Sabanovic (Ap), Laura Kvamme (Sp) og Karin Vikane (H) får guida rundtur av sosionom Randi Svidal.

Godt å få treffe dei folkevalde

Måndag fekk Sogn barnevern besøk av formannskapet i Sogndal. Det første som stod på agendaen var å informere politikarane om forbetringsplanen som vart sett i gang etter tilsynet Fylkesmannen hadde før jul.

Men for dei folkevalde var det minst like viktig å få møte dei mange nye ansikta som no jobbar der. Også for dei tilsette var det godt å få snakke ut etter ein periode med mykje merksemd og skriveri.

– Det er noko me har sett fram til. Både å fortelja korleis me har det på jobb og korleis me opplever situasjonen rundt oss, seier Svidal.

Ho var ferdig utdanna sosionom i 2012 og starta i Sogn barnevern i juli i fjor. Før det jobba ho i Luster kommune. Som dei fleste andre kjenner ho lite til problema som har vore. Men ho merkar at inntrykket av ei eining i krise framleis heng att hos folk.  

– Me opplever å ha ein god situasjon på jobb, me konsenterer oss om faget og den jobben jobben me skal gjera. Men så opplever me at det er masse snakk om kva som har skjedd, ting me ikkje har vore ein del av fordi me er nye. Den største utfordringa er kanskje på fritida, når du seier kor du jobbar. Då har plutseleg veldig mange ei meining om arbeidsplassen din, meiningar som du ikkje kjenner deg att i, seier Svidal.

VIL GRANSKE FORHISTORIA: Formannskapet i Sogndal bestemte måndag at ei ekstern gransking skal settast i gang for å finne ut kvifor konfliktar på arbeidsplassen fekk prege Sogn barnevern i ei årrekke.  
VIL GRANSKE FORHISTORIA: Formannskapet i Sogndal bestemte måndag at ei ekstern gransking skal settast i gang for å finne ut kvifor konfliktar på arbeidsplassen fekk prege Sogn barnevern i ei årrekke.  

Unngår å lese om tidlegare konfliktar

Kollega Sonja Smedegård frå Årdal har merka det same. Ho kjem rett frå skulebenken og byrja i barnevernet i januar i år.  

– Eg har fått ny jobb i barnevernet og er kjempeglad for det. Men når eg skal seia det til andre, så blir eg møtt med spørsmål. Eg må forsvara noko eg ikkje kjenner til, seier Smedegård, som fortel at ho bevisst unngår å lese om konfliktane som har vore tidlegare.

– Det er ein kjempegod gjeng som jobbar her no, seier ho.

Fortent eller ikkje, dei skjønar at å gjenreise tilliten til barnevernet no ligg på deira skuldre. For det er dei som skal møte publikum og gjere ein jobb kvar dag. Dei har fått med seg at mange stiller spørsmål ved om ein så ung og uerfaren gjeng vil takle den store oppgåva dei har føre seg. 

– Eg trur nok me som jobbar her føler at me må gjera ein ekstra innsats. Det har eg kjent litt på, seier Svidal, før kollegaen følgjer opp:

– Du gir kanskje litt ekstra for å motbevisa alt det negative som kanskje har stått i media, seier Smedegård.

BLEI BETRE KJENT: Karina Flåten starta i Sogn barnevern i juni. Her forklarer ho politikarane korleis kvardagen på jobb fungerer. Frå venstre: Ole-Mathias Nes (Sp), ordførar Jarle Aarvoll (Ap), Karina Flåten, kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen og Vibeke Johnsen (SV).

Ikkje berre negativt å vere fersk

Dei avfeier ikkje at dei er mange nye samstundes og at det kan by på utfordringar. Samstundes startar dei fleste med blanke ark og får følgje forbetringsarbeidet frå start. 

– Det er ein god moglegheit til å få inn nye rutinar, seier Svidal.

– Og så har me som er nye kanskje fått litt ny «input» frå skular og andre praksisar. Sjølv om me er nye kan me bruka det til noko positivt, seier Smedegård.

Det beste målet på om dei duger i jobben er uansett ikkje kva folk på utsida måtte meine. Samstundes gir daglege oppturar små stadfestingar på at dei er på rett veg.

– Det er så kjekt når du får tilbakemeldingar frå samarbeidspartnarar og foreldre at dei har hatt positive opplevingar i møte med oss, for dei har kanskje lest eller høyrt noko anna. Det betyr at me har fått vist at me jobbar for noko bra og at me står på. Det tykkjer eg er kjekt, seier Svidal.

Til toppen