BYGGING: Her er gravemaskinene i gang utanfor Lærdal sjukehus.
BYGGING: Her er gravemaskinene i gang utanfor Lærdal sjukehus.

Her er gravemaskinene endeleg i gang utanfor sjukehuset

Tre månader etter den opprinnelege fristen, har endeleg arbeidet starta med å reisa tilbygget som skal husa MR-maskina i Lærdal.

Lærdal: – Det var veldig kjekt å sjå at dei var starta med arbeidet i går, og me ser fram til å følga med vidare, seier Margun Thue, stadleg leiar ved Lærdal sjukehus.

Ho seier ho har blitt stoppa på butikken av utolmodige lærdøler som lurer på når bygginga skulle starta. Eigentleg skulle arbeidet ha starta i starten av januar.

– Det har blitt utsett og det har blitt lagtmerke til. Men grunnen var at det skulle gjerast ein tilleggsinvestering på 6 millionar, for å oppgradera varmesentralen. Det er jo gledeleg i seg sjølv, og positivt for sjukehuset. Men då tok det litt lenger tid før dei fekk starta opp, seier Thue.

Ho seier det er viktig å få ei MR-maskin på plass på grunn av dei lange ventetidene.

– For pasientar og dei som treng å ha ei MR-maskin, så er det viktig at det er større kapasitet i Sogn og Fjordane. For sjukehuset er det òg viktig, fordi me får meir aktivitet, seier ho. 

Til toppen