TRENINGSLEIR: Gutelaget til Sogndal er for tida på treningsleir i England, med base i Liverpool. Der ventar tre kampar mot tøff britisk motstand.
TRENINGSLEIR: Gutelaget til Sogndal er for tida på treningsleir i England, med base i Liverpool. Der ventar tre kampar mot tøff britisk motstand.

Her er gutelaget på plass i England

Får bryne seg på tøff motstand mot engelske akademilag.

Liverpool: Onsdag var det avreise og allereie neste dag venta kamp mot akademiet til Wigan. Det vart tap 2-9, mot eit lag som for ikkje så lenge sidan slo Manchester United sitt U16 lag. Sivert Mannsverk og Anders Nord scora for Sogndal.

– Resultatet vart stygt, men eg trur ikkje gutane tenkjer så mykje på det, seier oppmann Terje Tonheim, som legg til at skader på 3-4 av dei faste spelarane forklarer noko av klasseforskjellen.

Sosial treningsleir

I går var det akademiet til Preston North End gutelaget skulle få bryne seg på, medan oppgjeret mot Fleetwood Town avsluttar det sportslege programmet i morgon. Men det sosiale er omtrent like viktig som det å hente nye referansar mot tøff britisk motstand.

– Dette blir ein sosial tur, samtidig som me får god sportsleg matching. Me er opptatt av at gutane skal sitte igjen med mange positive opplevingar. Alle skal få masse speletid og me skal ha det kjekt i lag, seier trenar Stig Nord til klubben sine eigne nettsider.

I dag er det kviledag, vel og merke med fotball som viktigaste ingrediens. Omvisning på akademiet til Liverpool blir etterfølgt av Premiere League-fotball frå tribuneplass på kvelden. 

– Trenaren vår har prøvd å lokke folk med på å sjå favorittlaget Stoke, men eg veit ikkje kor godt han lukkast med det, seier ein lattermild Tonheim.

Hentar nye referansar

Også i morgon ventar omvisning. Då på treningsfeltet til Fleetwood Town, der ikkje ukjente Uwe Rösler held kustus.

– Vi skal sjå morgonøkta. Etterpå får visitte og ete med A-lagsspelarane, medan Rösler skal halde eit føredrag om korleis dei driv akademiet og klubben, fortel Tonheim.

Både for spelarane og støtteapparatetet er det inspirerande å sjå kor profesjonelt dei jobbar med å få fram talent i England, med store trenarkapasitetar og tilsvarande økonomi i akademisatsinga. 

– Det er stor skilnad frå det me er vane med i Norge. Me såg det litt på kampen på torsdag òg at dei toler meir fysisk spel. Ikkje minst dommarane, det var nesten ikkje stopp i spelet, seier Tonheim.

Til toppen