Her er han i ferd med å setja ny løyperekord

Ingen har runda den 8,7 kilometer lange løypa raskare enn Marius Vedvik. 

Lærdal: 24-åringen frå Førde sprang på tida 29.56. Det er ny løyperekord i Galdane Rundt, som vart arrangert for fjerde gong i Lærdal laurdag.

Vedvik hadde med seg fleire frå familien som kunne heie han fram i løypa. 

NØGD: Bjørghild Holien er nøgd med arrangementet og glad for kjende løparar som Vedvik stiller opp.
NØGD: Bjørghild Holien er nøgd med arrangementet og glad for kjende løparar som Vedvik stiller opp.

– Han sa han var i form, og det viste seg å stemma. Han gjekk for løyperekord og klarte det. I tillegg var han fire sekund under halvtimen, og det trur eg ikkje det mange som gjer etter han. Det er det klasse over, seier Bjørghild Holien, som er med i arrangørstaben til Lærdal IL.

– Veit å setja pris på lokale arrangement

Vedvik har mellom anna gull i NM på 5000 meter og sølv på 10 000 meter. 

Sjå fleire bilete frå løpet i galleriet øvst i artikkelen.

– Det er flott at han er med her og stiller opp i lokale løp. Det set me pris på. Han er eit flott førebilete og ein sympatisk kar. Dessutan veit han å setja pris på mindre arrangement, noko me er glad for, legg Holien til.

På kvinnesida var det Janne Eikås frå Jølster som sprang raskast. Ho tok oppladinga i ein bubil i Galdane, men klarte ikkje sette nokon ny rekord, noko som betyr at tida til Ingvild Vedde frå i fjor vert ståande på 39.56.

VINNARANE: Janne Eikås og Marius Vedvik vann på høvesvis kvinne- og herresida.
VINNARANE: Janne Eikås og Marius Vedvik vann på høvesvis kvinne- og herresida.

Over 200 påmelde

Totalt var det 74 påmelde på tid. I tillegg stilte 130 mosjonistar til start. Over 200 deltakarar, fleire av desse frå mange ulike stader i Sør-Noreg, på eit såpass ferskt løp er ikkje verst. 

– Det gjekk veldig bra, og alle var blide og nøgde. Me har fått gode tilbakemeldingar på både arrangement, stemning og løype, og mange seier dei vil kome tilbake, fortel Holien.

– Det er jo ei flott løype på bra terreng. Det er veldig fint for føttene med flotte naturomgjevnader og mykje kulturelt å sjå på. Sjølv om løparane ikkje akkurat får sett så mykje, gjer dette at dei gjerne kjem tilbake til Lærdal ved seinare høve, nettopp for å få med seg naturen. 

Heile resultatlista finn du her.

Til toppen