STORINNRYKK: Januar er høgsesong for treningsbransjen. Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret i Sogndal har tips til deg som fryktar at iveren i januar berre skal bli eit blaff.
STORINNRYKK: Januar er høgsesong for treningsbransjen. Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret i Sogndal har tips til deg som fryktar at iveren i januar berre skal bli eit blaff.

Her er hans råd for å halde på treningsiveren

Folk strøymer til treningsstudioa etter nyttår, men mindretalet greier å halde motivasjonen ved like. Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret i Sogndal har tips til korleis du kan unngå å møte veggen.

Sogndal: – Trening og sunn livsstil er i vinden og vi merkar kvart år ei oppblomstring av det på nyåret, med nyttårsforsett og folk som meir eller mindre har forspist seg i jula, seier Kolbjørn Rydvang, dagleg leiar ved Idrettsenteret i Sogndal.

Han seier det er spesielt dei som ikkje er aktive elles som får ein ekstra motivasjonsboost i januar. Den motivasjonen gjeld det å forvalte rett, seier Rydvang.

– Risikoen for fråfall er større jo hardare du går ut og jo mindre kompetanse du har i sekken frå før, seier han.

Les også: Med trening som rusmiddel
Les også: Denne gjengen har gått Øvre-Tangen 1193 gonger

Finn ein aktivitet du likar

Sjølv om det altså er ein fare for å bli overivrig, meiner han det er gull verdt at folk er budde på å gjere ein skikkeleg innsats. Men det gjeld altså å skunde seg sakte, som det heiter. 

– Motivasjonen skal du bruke for alt det den er verdt. Men det er ikkje ei utømeleg kjelde, så ver litt fornuftig og tenk langsiktig. Tenk minst seks månader fram i tid, ikkje berre januar. Viss du er på null, så må du byrje med små dosar og du må ha god tid til å hente deg inn att mellom slaga, seier Rydvang.

Ein annan ting som aukar sjansen for å lukkast er å finne ein aktivitet du likar å drive med. Og du må ikkje la leitinga etter det perfekte treningsopplegget hindre deg i å berre setje i gong.

– Det er uansett vondt å komme i gong for den som er dårleg trent og då bør du i allefall finne noko du trivst med. Viss du er på null så er det eit kjempeutgangspunkt, for då kan det berre bli betre. Då er det ikkje så farleg om du veljer rett treningssone, eller slike ting. Det viktigaste er at du kjem deg i aktivitet, seier Rydvang.

Ha realistisk forventing

Dei siste åra tyr stadig fleire til personlege trenarar for å få struktur og kontinuitet i treninga. Det har dei òg merka i Sogndal. Enkelte kvir seg ikkje for å svi av 50-60 000 kroner i året, viss dei trur det aukar sjansane for å lukkast. 

–  Frå å vere eit vestkantfenomen, så er det no like utbreitt for alle lag i befolkninga. Mange med ordinær inntekt prioriterer tolv månader med trening i staden for ein fjorten dagars ferietur, seier Rydvang.

Uansett om du vel å køyre løpet sjølv, eller få hjelp av andre på vegen, så gjeld dei same grunnreglane. Du må sette deg realistiske mål og tenkje at dette er noko du skal drive med over tid. Rydvang seier mange har fått urealistiske forventningar av alle overskriftene av typen "bli topptrent på 11 veker".

– Du må ha ei fornuftig forventing til kva du kan oppnå og jobbe systematisk. Det er det det handlar om.

Til toppen